Fjord1 fekk eit resultat før skatt på 249,6 millionar kroner i tredje kvartal 2018, av ein omsetnad på 825 millionar kroner. Hittil i år er resultatet på 553,3 millionar kroner.

Selskapet legg bak seg nok ein periode med god og stabil drift. I tillegg vart Fjord1 tildelt ei ny anbodskontrakt frå Møre og Romsdal fylkeskommune i tredje kvartal. Kontrakta gjeld «Romsdalspakken», som omfattar drift av fire samband i Romsdal i ein periode på 14 år. Verdien på kontrakta er på om lag to millardar kroner, og inneber ein omfattande reduksjon av C02-utslepp, bruk av fossilt drivstoff og samla sett lågare energibruk.

Administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland er svært tilfreds med resultatet for tredje kvartal, ein periode kor selskapet også opna den første landbaserte Ferdamat-kafeen i selskapet si historie og gjennomførte dåp for nye elektriske fartøy. I oktober leverte selskapet inn tilbod i verdas første hydrogenferje-anbod.

- Fjord1 er prega av svært stor aktivitet i heile selskapet, men kanskje spesielt på anbodssida kor vi er glade for å ha vunne godt fram i denne perioden. Resultata våre understrekar at vi er leiande innan det grøne skiftet. Gjennom den høge aktiviteten som vi har lagt bak oss over ein lang periode, er vi også begynt å hauste verdifulle erfaringar som vi tek med oss i det vidare arbeidet. Trass i eit sterkt kvartalsresultat er vi fokuserte på det som skjer framover, som inneber mellom anna fleire anbodsprosessar og overtaking av nye miljøvennlege fartøy, fortel Neteland.

Nyleg vart Fjord1 også innstilt som vinnar i anbodskonkurransen om drift av fire samband på indre Sunnmøre. Kontrakta strekk seg over 14 år, og har ein verdi på om lag to milliardar kroner. Forventa kontraktsignering er i løpet av november.