Målsetnaden til Fjord1 er å vere den tryggaste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg og påliteleg transport til kundar, oppdragsgjevarar og samarbeidspartnarar.  

Fjord1 er ein leiande aktør i den norske ferjemarknaden. I tillegg til ferje- og passasjerbåttenester driv selskapet verksemd innanfor catering og turisme.  

Kompetente tilsette gjer Fjord1 til eit føregangsselskap når det gjeld tryggleik, innovasjon, teknologi og miljø.  

Fjord1 investerer i låg- og nullutsleppsteknologi og satsar på elektrifisering av norske fjordsamband.

Fjord1 har ein nullvisjon for tap av liv, skadar på menneske, større utslepp og store skadar.

Selskapet vernar om sikkerheita til tilsette, kundar og leverandørar, samtidig som ein tek ansvar som leverandør av kritisk transportinfrastruktur i kyst-Noreg.