Fjord1 som medspelar i lokalsamfunnet

Vi ser etter ein god sponsormatch - neste søknadsfrist er 1.oktober!

Gå til søknadsskjemaet her!

 

I Fjord1 ønskjer vi å vere ein aktiv og engasjert medspelar i lokalsamfunna som vi er ein del av. Gjennom sponsing bidreg vi til å styrke aktivitet, fellesskap og trivsel – særleg i distrikta der vi har ruteproduksjon.

Vi støttar lag og organisasjonar innan idrett, kultur og andre samfunnsnyttige føremål, med eit klart fokus på breidde og tiltak som inkluderer barn og unge. Målet er å bidra til mangfald og dekke reelle behov i nærmiljøet.

Sponsormidlane går både til kortvarige initiativ som arrangement- og til langsiktige samarbeid over fleire år. I tillegg støttar vi ein rekke aktørar gjennom annonsemateriell, gåver og anna marknadsføring.