Ferjevettreglane

Fjord1 har 10 ferjevettreglar som vi set pris på om du vil følgje! 

Ferjevettreglane
  1. Ver hyggeleg og vis respekt for mannskap og medpassasjerar. 
  2. Følg alltid signal og innstruksar frå mannskap, dette er viktig for din eigen tryggleik og for logistikken om bord. 
  3. Gå forsiktig på dekk, her kan det vere glatt, særleg ved is og regn. 
  4. Hald deg i rekkverket i trapper, slik unngår du fallskadar.
  5. Ver ein ansvarleg sjåfør. Mobilbruk bak rattet og barn på fanget er ulovleg og gjer deg uoppmerksam.
  6. Slå av motor og sett på handbrekk/parkmodus under overfart.
  7. Skru av alle utvendige lys på bilen, lyset kan blende navigatør på bru. 
  8. Skru av bilalarm, alarmen kan skade høyrsel hos mannskap og passasjerar, i tillegg til å skremme barn og dyr.
  9. Pass på barn og dyr under heile overfarten. Mindre barn skal ikkje gå aleine på dekk og kjæledyr skal haldast i band eller stå i bur.
  10. Ikkje kast avfall over bord, bruk avfallshandteringa vår.