Fjord1 tek ansvar for ei meir berekraftig framtid. Vi støttar FN sine berekraftsmål og har prioritert seks mål der vi kan gjere størst forskjell – både i eigen drift og i samfunnet rundt oss.
Før arbeidet med berekraftsrapporten startar, gjennomfører vi ei dobbel vesentlegheitsanalyse (DVA), på engelsk "Double Materiality Assessment" (DMA). Dette er ein analyse som blir brukt for å identifisere kva berekraftstema som er vesentlege (material) for Fjord1. Analysen tek utgangspunkt i to hovudperspektiv:
1. Korleis Fjord1 påverkar omverda (menneske og miljø)
Dette handlar om korleis verksemda vår påverkar menneske og miljø, både positivt og negativt. Det kan til dømes vere utslepp frå drift, tryggleik for tilsette og passasjerar, eller bidrag til lokalsamfunn.
2. Korleis omverda påverkar oss
Dette handlar om korleis berekraft kan påverke Fjord1 økonomisk, og blir omtalt som risiko eller moglegheiter. Til dømes kan auka straumprisar påverke kostnadene ved å drifte elektriske ferjer, og dette utgjer då ein finansiell risiko for Fjord1.
Når vi har definert kva som er påverknader, risikoar og moglegheiter, gir vi kvart tema ein «score» basert på påverknaden. Det som blir vurdert som vesentleg, er det vi skriv om i berekraftsrapporten. Skåringa blir avgjord ut frå eit rammeverk som vurderer konsekvens og sannsyn. Les meir om rammeverket vi bruker for skåring på side 24.
Det som utgjer påverknader, risikoar og moglegheiter, blir omtalt som IRO:
I = påverknad (impcact)
R = risiko (risk)
O = moglegheiter (opportunity)
Les meir om dobbel vesentlegheitsanalyse i berekraftsrapporten.
Fjord1 er oppteken av å tilby eit trygt, helsefremjande og inkluderande arbeidsmiljø. Selskapet har eit strukturert HMS-system, nulltoleranse for diskriminering og trakassering, og tydelege retningslinjer for rettferdige arbeidsvilkår.
I 2025 gjennomførte Fjord1 målretta HMS-kampanjar, forbetra varslingskanalar og investerte i opplæring og trivselstiltak.
Selskapet har òg etablert ei HR-maritim eining for å styrke rekruttering og oppfølging, og både sjukefråvær og turnover har vist positive utviklingstrekk samanlikna med tidlegare år.
Fjord1 spelar ei nøkkelrolle i å knyte saman kyst- og øysamfunn, støttar lokal verdiskaping og tilbyr kritisk infrastruktur for transport, helse og beredskap. Selskapet sysselset mange lokalt, prioriterer lokale leverandørar og sponser ei rekke aktivitetar, idrettslag og kulturarrangement.
I 2025 støtta Fjord1 mellom anna Askøy Handballklubb, Øyhopp-festivalen og lokale symje- og seglforeningar, og bidrog til inkluderande og tilgjengelege aktivitetar for barn og unge.
Fjord1 er ein leiande aktør i det grøne skiftet for transport i Noreg. Over halvparten av ferjene er no elektrifiserte, og selskapet investerer vidare i hybridelektriske fartøy.
I 2025 auka bruken av elektrisk energi og biodrivstoff, medan dieselforbruket gjekk ned. Vi optimaliserer rutene, brukar autokryssing og lastkontrollsystem, og samarbeider tett med leverandørar for å sikre høg oppetid på elektriske ferjer og ladeløysingar. Desse tiltaka har gitt målbare kutt i både energibruk og utslepp.