Fjord1 sitt samfunnsoppdrag er både tydeleg og avgjerande: Å knyte saman lokalsamfunn, menneske og arbeidsplassar på ein trygg, påliteleg og effektiv måte. Som leverandør av kritisk offentleg infrastruktur er vi meir enn ei transportteneste – vi er ein viktig del av kvardagen langs kysten og ein drivkraft for lokal utvikling. Berekraft er difor ein integrert del av verksemda vår, slik denne rapporten viser.

I 2025 tok vi eit viktig steg i berekraftsarbeidet ved å sette i gang utviklinga av ein klimatransisjonsplan i tråd med måla i Parisavtalen. Dette arbeidet er sentralt for å redusere miljøpåverknaden frå Fjord1, og planen skal etter planen vere ferdig våren 2026.

Fjord1 har lenge vore ein leiande aktør i overgangen til meir berekraftig transport, og i åra som kjem vil vi ta nye og viktige steg. I september 2026 startar vi opp verdas første heilautonome ferjesamband mellom Lavik og Oppedal, der fire nye, hybridelektriske fartøy skal gå i drift med avansert autonom teknologi. Prosjektet viser tydeleg korleis vi går frå ambisjon til handling – og korleis vi ønskjer å forme framtidas maritime løysingar.

Kjerneverksemda vår, drift av ferjer og passasjerfartøy, byggjer på langsiktige investeringar, stabilitet og ansvar. Eigarane våre har høge ambisjonar for selskapet, og saman arbeider vi målretta for å styrke verdien vår for samfunnet, miljøprestasjonane våre og den økonomiske berekrafta. I ei uroleg tid er stabil og god selskapsleiing viktigare enn nokon gong.

Godt samarbeid med interessentane våre er avgjerande for at vi skal lukkast. Vi er avhengige av tillit og open dialog med kundar, lokalsamfunn, styresmakter og partnarar. I denne rapporten kan du få innsyn i korleis vi arbeider systematisk for å ta vare på og vidareutvikle desse relasjonane.

I ei tid prega av sterk konkurranse om arbeidskraft i den maritime sektoren, vil eg rette ei takk til dei tilsette i Fjord1. Engasjementet og kompetansen deira er grunnlaget for at vi kan levere på samfunnsoppdraget vårt.

Når vi ser framover, ser vi store moglegheiter i samspelet mellom teknologi, berekraft og samfunnsoppdraget vårt.

Fjord1 skal framleis vere ein trygg og framoverlent partnar for samfunnet, og eit førebilete for korleis den maritime næringa kan ta ansvar i møte med nye forventningar og utfordringar. Eg håpar denne rapporten gir god innsikt i resultata vi har oppnådd – og ambisjonane vi har framover.

Takk for interessa, og takk til alle som bidreg til utviklinga av Fjord1.

Beste helsing,
Geir Bruvik Mjelde
Administrerande direktør, Fjord1.