1.Kva er ei personopplysning?

Personopplysningar er kvar opplysning som direkte eller indirekte kan knytast til ein fysisk person, som til dømes namn, postadresse, e-postadresse, IP-adresse og mobilnummer.

2.Kven er behandlingsansvarleg?

Fjord1 AS eller andre dotterselskap i Fjord1-konsernet ("Fjord1" eller "vi"), er behandlingsansvarleg for dei personopplysningane vi behandlar der vi sjølve bestemmer føremålet med behandlinga av opplysningane og verkemidla vi nyttar til dette.

Spørsmål om personvern i Fjord1 eller denne personvernerklæringa kan rettast til oss på hr@fjord1.no.

3.Kven behandlar vi personopplysningar om?

Denne personvernerklæringa rettar seg mot behandlinga vår av personopplysningar om følgjande personar:

  • Besøkjande på nettsidene våre
  • Kundane og passasjerane våre
  • Mottakarar av trafikkmeldingar
  • Personar som tek kontakt med kundeservicen vår
  • Jobbsøkjarar
  • Samarbeidande eller støttande personell på båt, i terminal eller hamner
  • Besøkjande i kiosk- eller terminalområde med videoovervaking
  • Lærarar og elevar i skulen i samband med praksisplass, opplæring eller karrieremesser

4.Korleis tek vi imot personopplysningar om deg?

Vi kan ta imot personopplysningane dine på ulike måtar:

  • Vi tek imot personopplysningar direkte frå deg når du bestiller tenestene våre eller på annan måte kontaktar oss. Desse opplysningane er nødvendige for at vi skal kunne levere tenesta du har bestilt eller for å kunne følgje opp førespurnadene dine.
  • Vi tek imot personopplysningar indirekte frå deg når du nyttar deg av tenestene våre, til dømes nettsidene våre. Desse opplysningane er viktige for å kunne levere, forbetre og vidareutvikle tenestene som vi tilbyr deg.
  • Vi kan ta imot personopplysningar frå andre kjelder, til dømes via samarbeidspartnarane våre eller dersom opplysningane dine er tilgjengelege i offentlege register.

5.Kva personopplysningar handsamar vi til ulike føremål, og på kva rettsleg grunnlag handsamar vi personopplysningane dine?

Vi samlar inn og bruker personopplysningane dine til ulike føremål avhengig av kva tilknyting du har til oss og korleis vi kjem i kontakt med deg.

Under kan du lese meir om kva personopplysningar vi handsamar, kva vi bruker dei til (føremålet) og kvifor vi har lov til dette (behandlingsgrunnlaget). Dersom behandlingsgrunnlaget er samtykket ditt, har du når som helst rett til å trekkje samtykket ditt tilbake.

 

Føremål

Behandlingsaktivitet

Personopplysningar

Behandlingsgrunnlag

Levere produkta og tenestene våre

Vi handsamar personopplysningar for å gjennomføre transaksjonar du har bede om for å kjøpe billett, mellom anna kjøp via nettside eller om bord på fartøy, samt handtering av betalingar og levering av kiosktenester om bord.

 

Informasjon om kunden (namn, fødselsdato).

Kontaktopplysningar til kunden (telefon eller e-post).

Transaksjonsopplysningar (ordrenummer, kjøpstidspunkt, geolokasjon, reiserute, betalingsmiddel eller betalingskort, faktureringsinformasjon, informasjon om kjøpte produkt eller tenester, kredittkortnummer, kjøpshistorikk).

Artikkel 6(1)(b) – nødvendig for oppfylling av kjøpsavtale

 

 

 

 

 

 

 

Vi nyttar kameraovervåking på ferger og kaier for å detektere kjøretøy og gående i forbindelse med skiltbasert trafikkdirigering.

Video av kjøretøy og gående fra overvåkningskamera.

Artikkel 6(1)(f) - dei rettkomne interessene våre i effektiv trafikkdirigering

Vi handsamar personopplysningar for å gi deg informasjon/trafikkmeldingar på SMS/e-post som du abonnerer på.

 

Telefonnummer, e-postadresse, val av ferjestrekning for trafikkmeldingar

 

Artikkel 6(1)(a) – samtykke

 

Vi handsamar personopplysningar når du besøkjer nettsidene våre for at nettsidene skal fungere.

 

Tekniske data (IP-adresser, dato og tid, kva slags PC/mobiltelefon, operativsystem og nettlesar du bruker, skjermstorleik).

Enkelte av desse personopplysningane er samla inn gjennom bruk av strengt nødvendige informasjonskapslar. Sjå meir informasjon i punkt 11.

 

Artikkel 6(1)(f) - dei rettkomne interessene våre i å levere nettsidetenesta vår

 

Vi handsamar personopplysningar når du loggar deg på WiFi på ferjene eller båtane våre for å halde oppe tilkoplinga.

 

Tekniske data (IP-adresse, kva slags PC/mobiltelefon, datatrafikk, tidsrom enheten har vært tilkoblet mv.)

Artikkel 6(1)(b) – nødvendig for å oppfylle en avtale med offentlig oppdragsgiver

Marknadsføring

Bruk av sosiale medier, inkludert administrasjon av verksemdssprofilar og målretta marknadsføring

Tekniske data, brukarinformasjon, kommunikasjonsdata og preferansar og innstillingar.

Artikkel 6(1)(f) – den rettkomne interessa vår i å marknadsføre våre tenesta

Administrasjon av kundar og kundeservice

Vi bruker personopplysningar til å hjelpe med å løyse eventuelle spørsmål eller problem du måtte ha med tenestene våre eller svare deg på det du spør om når du tek kontakt med oss.

Kontaktinformasjon, detaljar om førespurnaden, kommunikasjonshistorikk, produkt- eller tenesteinformasjon, transaksjonsopplysningar, informasjon om kunden sitt tekniske utstyr eller programvare, feilmeldingar, kamerabilete, og/eller andre opplysningar du ev. måtte dele i samband med førespurnadene dine.

Artikkel 6(1)(f) - dei rettkomne interessene våre i å yte kundeservice

Utvikling og analyse

Statistikk: Vi kan samle inn og bruke personopplysningane dine for å måle effektiviteten av marknadsføringa vår, forbetre tenestene våre, og for å gi ei betre oppleving gjennom å forstå og analysere kjøps- og bruksmønstera dine.

Bruksdata: Informasjon om bruk, inkludert på nettsted og interaksjon med digitale plattformer.

Transaksjonsdata: Data om kjøp, frekvens, verdi og type produkt eller tenester kjøpte.

Demografiske data: Alder, kjønn, bustad, utdanningsnivå.

Åtferdsdata: Mønster i kjøpsåtferd, respons på marknadsføring.

 Artikkel 6(1)(f) – den rettkomne interessa vår i å føre statistikk og gjennomføre analyse.

Dersom opplysningane er samla inn gjennom bruk av informasjonskapslar, er det rettslege grunnlaget Artikkel 6(1)(a) - samtykke

Rekruttering

Handsame jobbsøknader: Vi handsamar jobbsøknader for å vurdere om kandidatane er eigna til ei stilling hos oss og for å gjennomføre rekrutteringsprosessen.

Personalia, kontaktopplysningar, søknadsdokument.

For lærlingar og sommarvikarar kan dette innebere personopplysningar om personar under 18 år.

Artikkel 6(1)(f) – den rettkomne interessa vår i å gjennomføre rekrutterings-prosessar

Gjennomføre intervjuprosess: Gjennomføre og vurdere intervju som ein del av rekrutteringsprosessen, med mål om å identifisere den best kvalifiserte kandidaten for stillinga.

 

Uttalar frå referansar, bakgrunnssjekk, vurderingar, personlegdomstest/evne-testar

Artikkel 6(1)(f) – den rettkomne interessa vår i å gjennomføre rekrutterings-prosessar

Vidare lagring av søknadsdokument: Vi kan halde fram med å lagre informasjon du har gitt oss i samband med ein søknadsprosess der du ikkje fekk tilbod om jobb.

 

Personalia, kontaktopplysningar, søknadsdokument.

 

Artikkel 6(1)(a) - samtykke

Sikkerheit

 

Vi vil kunne handsame person- og loggdata for å sørgje for god sikkerheit i alle tenestene våre, mellom anna for å avdekkje eller hindre misbruk eller ulovleg bruk. 

Sikkerheitsovervaking kan omfatte bruk av elektronisk utstyr for å administrere datanettverket til selskapet eller for å oppdage eller etterforske tryggleiksbrot i nettverket om bord på ferjene våre.

 

Metadata inkludert tidsstempel, brukaridentifikatorar, IP-adresser, nettlesar- og einingsdetaljar, øktdata, osv.

 

Artikkel 6(1)(f) – den rettkomne interessa vår i å halde oppe informasjonssikkerheit

Behandlinga blir utført berre i den utstrekninga ho er tillaten etter § 3 i forskrift om kontrolltiltak overfor arbeidstakarar som er omfatta av lov om stillingsvern mv. for arbeidstakarar på skip (skipsarbeidslova)

 

Vi nyttar kameraovervaking om bord i ferjene våre, på terminalane og i hamnene for å overvake tryggleiken til mannskapet, dei reisande og fartøya, og for å sikre trygg navigasjon.

 

Bilete og video frå overvakingskamera.

Artikkel 6(1)(f) – den rettkomne interessa vår i å vareta fysisk sikkerheit.

Handsaminga blir berre utført i den utstrekninga ho er tillaten etter § 3 i forskrift om kontrolltiltak overfor arbeidstakarar som er omfatta av lov om stillingsvern mv. for arbeidstakarar på skip (skipsarbeidslova)

 

Vi nyttar kameraovervaking i kioskområde for å hindre og oppdage tjuveri.

 

Bilete og video frå overvakingskamera.

Artikkel 6(1)(f) – den rettkomne interessa vår i å hindre tjuveri.

Behandlinga blir utført berre i den utstrekninga ho er tillaten etter § 3 i forskrift om kontrolltiltak overfor arbeidstakarar som er omfatta av lov om stillingsvern mv. for arbeidstakarar på skip (skipsarbeidslova)

 

Vi bruker personopplysningar innhenta gjennom bruk av kamera til å gjennomføre passasjerteljingar

 

Bilete frå overvakingskamera.

 

Artikkel 6(1)(c) – nødvendig for å oppfylle ei rettsleg plikt 

 

Handtering av hendingar på fartøy, inkludert skade på passasjerar og eigedom, mellom anna gransking, intervju, oppfølging med forsikringsselskap mv.

 

Alle opplysningar som er nødvendige for å handtere hendinga

 

Avheng av type hending. Typiske behandlingsgrunnlag er Artikkel 6(1)(c) – nødvendig for å oppfylle ei rettsleg plikt, eller Artikkel 6(1)(b) – nødvendig for oppfylling av transportavtale

 

Gjennomføring av konkurransar på karrieremesser, arrangement o.l.

 

 Vi handsamar personopplysningar i samband med administrering av konkurransar du har meldt deg på.

 Namn, kontaktopplysningar

Artikkel 6(1)(f) – den rettkomne interessa vår i å gjennomføre konkurransar

Etterleving av ulike lovkrav

 

Vi handsamar personopplysningar for å oppfylle lovpålagde plikter. Til dømes i samband med rekneskap og for å gi informasjon til den kompetente styresmakta når dette blir kravd av oss i samsvar med gjeldande lovgiving. 

 

Alle kategoriar av personopplysningar som er strengt nødvendige for å oppfylle pliktene våre.   

 

Artikkel 6(1)(c) – nødvendig for å oppfylle ei rettsleg plikt 

 

Andre føremål du har samtykt til

 

Vi vil kunne handsame personopplysningane dine for eit kvart anna føremål som du spesifikt har samtykt til.

 

 

Artikkel 6(1)(b) - avtale

 

 

6.Korleis sikrar vi personopplysningane dine?

Vi har etablert rutinar og tiltak for å sikre at uvedkomande ikkje får tilgang til personopplysningane dine, og at all behandling av opplysningane elles skjer i tråd med gjeldande lovgiving. Tiltaka omfattar både organisatoriske og tekniske tryggingstiltak, som kryptering og fysisk tryggleik, gjennomføring av jamlege risikovurderingar, tilgangsstyring og andre prosessar og rutinar for å vareta informasjonssikkerheit.

7.Kven deler vi personopplysningar med?

Eit selskap som handsamar personopplysningane dine på vegner av oss, blir kalla ein databehandlar. Dersom vi engasjerer ein databehandlar, inngår vi ein databehandlaravtale som regulerer korleis databehandlaren kan behandle opplysningane dei får tilgang til og pliktene deira i den samanhengen, mellom anna til kva føremål personopplysningane kan brukast.

Vi vil òg kunne dele personopplysningar med offentlege styresmakter der det ligg føre ei lovfesta utleveringsplikt.

8.Overfører vi personopplysningar til andre land?

Personopplysningane dine blir i utgangspunktet handsama innanfor EU/EØS.

Dersom overføringar til land eller organisasjonar utanfor EU/EØS (såkalla tredjeland) førekjem, til dømes dersom ein av databehandlarane våre overfører personopplysningar til underdatabehandlarar utanfor EU/EØS-området, vil vi før overføringa skjer sikre at ho blir gjennomført i samsvar med krava fastsette i GDPR kapittel V.

9.Kor lenge lagrar vi personopplysningar?

Vi lagrar personopplysningane dine så lenge det er nødvendig for å oppfylle dei nemnde føremåla med behandlinga av opplysningane. Dette gjeld likevel ikkje dersom lagring er lovpålagd i ein lengre periode enn det føremålet tilseier.

Dette betyr til dømes at personopplysningar vi behandlar på grunnlag av samtykket ditt, blir sletta når samtykket blir trekt tilbake. Dersom behandlingsgrunnlaget er den rettkomen interessa vår, vil opplysningane bli sletta når slik rettkomen interesse ikkje lenger ligg føre. Opplysningar som er lagra i medhald av lovpålagde plikter, blir sletta når plikta opphøyrer.

Når vi fastset lagringsperiodar, legg vi særleg vekt på omfanget av dei rettslege pliktene våre, konteksten for innsamlinga, kva du med rimeleg grunn kan forvente av oss, og dei potensielle personvernrisikoane som er knytte til å oppbevare opplysningane. Personopplysningar samla inn i samband med kameraovervaking vil til dømes bli sletta innan kort tid dersom det ikkje har oppstått hendingar som tilseier vidare lagring. Personopplysningar samla inn i samband med billettering vil derimot bli oppbevarte i fleire år i tråd med pliktene våre etter bokføringsregelverket.

10.Kva rettar har du?

Personvernlovgivinga gir deg ei rekkje rettar, mellom anna rett til innsyn, retting og sletting av personopplysningane vi har lagra om deg.

Vi er opptekne av at personopplysningane vi har lagra om deg er rette og oppdaterte. Dersom du oppdagar at nokre av opplysningane er feil, oppmodar vi deg til å ta kontakt med oss. Dette gjeld òg dersom du ønskjer at opplysningane skal slettast.

Merk at krav om sletting berre må etterkomast i enkelte definerte tilfelle, til dømes der personopplysningane ikkje lenger er nødvendige for føremålet dei blei samla inn for. Vi vil derimot ikkje slette personopplysningar som er nødvendige for at vi skal kunne levere ei teneste som du framleis ønskjer å ha tilgang til, eller som vi er lovpålagde å oppbevare i ein spesifikk periode.

Du har òg rett til dataportabilitet. Dette inneber at du får moglegheit til å ta med deg personopplysningane dine i eit maskinlesbart format. 

Vidare har du rett til å motsetje deg behandling av personopplysningar og rett til å motsetje deg personprofilering og automatiserte avgjerder. Dette inneber at du kan krevje at personopplysningane dine ikkje blir analyserte for å avdekkje åtferda, preferansane, evnene eller behova dine. Dette gjeld likevel ikkje dersom behandlinga er nødvendig for å oppfylle ei avtale som du har inngått med oss eller dersom du tidlegare har gitt det uttrykkjelege samtykket ditt til behandlinga. 

Du har òg rett til å få ein kopi av dei personopplysningane vi har registrerte om deg, så langt teieplikta ikkje er til hinder for dette. For å sikre at vi gir innsyn til rett person, kan vi stille krav om at innsynsførespurnaden blir gitt skriftleg og be om stadfesting av identiteten din.

I nokre situasjonar kan du òg be oss om å avgrense behandlinga av opplysningar om deg. 

Dersom du meiner at vi ikkje etterlever denne personvernerklæringa eller gjeldande lovgiving, kan du sende oss ei klage. Du kan òg klage til Datatilsynet.

Du kan lese meir om rettane dine på nettsidene til Datatilsynet: www.datatilsynet.no.

11.Korleis bruker vi informasjonskapslar (cookies)?

Vi bruker informasjonskapslar ("cookies") og liknande teknologiar på nettsidene våre. Enkelte cookies er nødvendige for at nettsidene våre skal fungere, medan andre cookies krev samtykket ditt for at vi skal kunne setje dei. Dersom du ikkje samtykkjer, kan det føre til at du ikkje får tilgang til enkelte funksjonar på nettsida. Du kan lese meir om bruken vår av cookies her.

12.Korleis gir vi beskjed om endringar i denne personvernerklæringa?

Tenestene våre er i kontinuerleg utvikling. Vi kan difor ha behov for å oppdatere personvernerklæringa vår. Dersom personvernerklæringa blir oppdatert, vil den oppdaterte personvernerklæringa bli publisert på nettsida vår: www.fjord1.no   

13.Korleis kjem du i kontakt med oss?

Dersom du har spørsmål knytte til korleis vi behandlar personopplysningane dine eller ønskjer å utøve rettane dine, kan du kontakte oss ved å sende ein e-post til hr@fjord1.no.