I Fjord1 jobbar folk både til sjøs og på land – med alt frå teknologi og miljø til administrasjon og drift. Vi treng stadig nye kollegaer med engasjement og relevant kompetanse, og vi legg stor vekt på å utvikle våre tilsette.
Vi heiar på utvikling
Hos oss handlar det om å tiltrekke, behalde og utvikle dyktige folk. Du får støtte til å lære meir, prøve nye roller og vokse i jobben. Intern rekruttering er noko vi aktivt oppfordrar til – vi vil gjerne at du skal finne nye moglegheiter internt. Vi jobbar målretta med å utvikle både leiarar og medarbeidarar. God oppfølging, tydelege roller og tillit mellom folk er viktig for oss – og vi byggjer kultur saman.
Arbeidsglede og fellesskap
Vi trur på eit arbeidsmiljø der folk trivst, samarbeider godt og kjenner eigarskap til det dei gjer. Gode rutinar og open kommunikasjon er nøkkelen.
Fordelar for deg
Gjennom "Velferden" får du tilgang til gode rabattar, fellesturar og arrangement. Du kan også leige bedriftshytter rundt om i landet – perfekt for ei pause med familie eller venner.
Ein god start
Alle nye tilsette startar med eit onboardingprogram som gir deg ein trygg og god innføring i jobben og kvardagen.