Rapporten er utarbeidd av Fjord1 med bistand frå Sopra Steria. I denne artikkelen skriv konsulentselskapet om sine betraktningar rundt berekraftsarbeidet vårt. 

Frå utsida har konsulent Marie Hoff Dyngeland fått eit breitt innblikk i både ambisjonsnivå, praksis og kultur; 

- Det mest karakteristiske ved Fjord1 sitt berekraftsarbeid er at det i stor grad er operativt forankra. Det handlar om konkrete val i teknologi, drift og anskaffingar. Berekraft framstår som ein del av kjerneverksemda, ikkje som eit sideprosjekt, seier Marie.

Ambisjonar utover minimumskrava

Ferjedrift er ein sektor med omfattande krav knytt til klima, miljø og rapportering. Likevel er inntrykket tydeleg: Fjord1 legg lista høgare enn det regelverket åleine tilseier.

- Ambisjonsnivået ligg klart over minimumskrava i bransjen. Fjord1 tek ansvar utover dei regulatoriske krava, særleg innan utsleppsreduksjon og bruk av ny teknologi, forklarer Marie.

Det kjem også til uttrykk i rapporteringa. Fjord1 vel å rapportere breiare og djupare enn det dei per i dag er pålagde å gjere – nettopp for å få oversikt, styre betre og vere opne om både framsteg og utfordringar.

Dette samsvarer også med korleis krava faktisk møter verksemda i kvardagen. Ifølgje energi- og miljøansvarleg Jan Hovden Eide kjem dei viktigaste føringane gjennom miljøkrav i ferjekontraktar.

- I praksis er det ein del av anbodet at vi skal levere miljøvennleg transport. Dei fleste kontraktar som blir lyst ut i dag er tilnærma 100 prosent elektriske, seier han.

Krava varierer noko frå kontrakt til kontrakt, og tilgangen på infrastruktur kan vere ei utfordring enkelte stader, særleg i delar av Nord-Noreg. Likevel er retninga tydeleg.

- Dette er rammene vi jobbar innanfor, og som vi har tilpassa oss over tid, seier Jan.

Investeringar som krev meir – men gir effekt

Eit av dei tydelegaste døma på Fjord1 sitt høge ambisjonsnivå, finn ein innan klima og miljø. Selskapet har nemleg investert tungt i hybridelektriske ferjer sidan 2018.

- For oss er det heilt avgjerande at ferjene er trygge og pålitelege. Vi er ein forlenging av vegen, og ferjene må gå. Sikkerheit og drift kjem alltid først, men miljø er ein svært viktig del av heilskapen, seier Jan.

I dag har Fjord1 om lag 40 hybridelektriske ferjer i drift, og i tillegg har dei starta opp eigne hurtigbåtar.

- Lågutsleppsferjer og hurtigbåtar er løysinga for å redusere utslepp i vår del av transportsektoren. Det er der den største effekten ligg, forklarar Jan.

Marie peikar på at desse vala ofte inneber meir komplekse løysingar, både teknisk og økonomisk på kort sikt.

- Likevel har Fjord1 prioritert dei fordi dei gir tydeleg klimaeffekt og langsiktig verdi. Det viser ei vilje til å ta investeringar som ikkje nødvendigvis løner seg umiddelbart – men som er riktige over tid, seier ho.

Berekraft i kvardagen

Eit viktig funn i rapportarbeidet er at berekraft i Fjord1 ikkje berre lever i overordna planar, men i det daglege arbeidet.

Vi ser at berekreft er integrert i både rutinar, prioriteringar og måten dei tilsette bidreg på. Hos Fjord1 er det eit kontinuerleg forbetringsarbeid, tett kopla til tryggleik, effektivitet og kvalitet i tenestene, seier Marie.

Dette perspektivet blir stadfesta frå innsida av organisasjonen. Lotte Becher, trainee innan HMS og berekraft, opplever at berekraft er ein naturleg del av kvardagen i selskapet.

- Eg føler ein forholder seg til berekraft frå dag til dag. Det er fokus på både miljø og sosiale forhold i heile organisasjonen, og det er tydelege ambisjonar om at vi skal ta ansvaret vårt, seier ho.

Gjennom arbeidet med mellom anna klimaomstillingsplanar har ho fått eit nærare innblikk i korleis berekraft blir følgt opp i praksis.

- Det er ikkje noko som ligg hos éi avdeling. Det er eit kontinuerleg arbeid som går på tvers av heile organisasjonen, slik eg opplever det, seier ho.

Den sosiale dimensjonen av berekraft

Gjennom rapportprosessen har mange i organisasjonen bidratt. Berekraft handlar nemleg ikkje berre om klima og teknologi. Den sosiale dimensjonen står óg sentralt i Fjord1 sitt arbeid.

- For oss handlar det om å leggje til rette for ein god balanse mellom arbeid og fritid for dei tilsette, og bruke medarbeidarundersøkingar aktivt for å setje i verk konkrete tiltak, forklarar Lotte.

Ho peikar mellom anna på oppfølgingsordningar i regi av HR, der tilsette kan få støtte innan helse, trening og psykisk helse.

- Slike tiltak er ein del av ansvaret vi tek som arbeidsgivar, og ein viktig del av berekraftsbegrepet. Dei tilsette opplever også dette som svært positivt, seier ho.

Eit eigarskap som sit i veggane

Gjennom rapportprosessen har mange i organisasjonen bidratt. For Marie har nettopp dette vore noko av det mest imponerande.

Det er eit tydeleg eigarskap i organisasjonen. Kunnskapen sit ikkje éin stad, men er breitt forankra. Det gjer at rapporten i stor grad speglar faktisk praksis, ikkje berre det ein ønskjer å kommunisere.

Samtidig peikar ho på at mykje av dette arbeidet skjer utanfor rampelyset.

Det løpande forbetringsarbeidet i drifta og kompetansen blant dei tilsette er ofte underkommunisert, sjølv om det har stor faktisk effekt.

Jan kjenner seg att i skildringa av eit breitt eigarskap til berekreftsarbeidet, og peikar på at det heng tett saman med kor kritisk drifta er.

- Vi er ein del av infrastrukturen, så alle som jobbar med dette er vane med å tenkje ansvar og kontinuerleg forbetring. Då blir også berekraft noko som sit naturleg i organisasjonen, ikkje noko som kjem i tillegg, seier han.

På veg mot ei tydeleg rolle i bransjen

Å samle, strukturere og dokumentere berekraftsarbeidet har vore krevjande.

Ein kompleks organisasjon med mykje operativ aktivitet stiller store krav til datainnsamling, roller og felles begrepsbruk. Fjord1 er godt i gang med å byggje strukturar som gjer dette arbeidet enklare og meir presist framover, seier Marie.

Rapporten blir dermed ikkje berre ei oppsummering av status, men også eit verktøy for vidare utvikling.

Ser Marie nokre år fram i tid, meiner ho Fjord1 har potensial til å ta ei tydeleg rolle – ikkje berre som ferjeoperatør, men som kunnskapsberar i bransjen.

Eg trur Fjord1 vil halde fram med å vere ein pådrivar for utsleppsfri ferjedrift, og vidareutvikle korleis berekraft blir integrert i drift og anbod. Over tid kan dei også spele ei viktig rolle i å dele erfaringar og løysingar, avsluttar ho.