Biletet over: Pavithira Sivakolunthu var trainee i Fjord1 frå 2021 - 2022. I dag er ho fast tilsett som lønnsmedarbeidar i Fjord1.  

Fjord1 har over mange år vore ein aktiv deltakar i traineeprogrammet til Framtidsfylket – Karriere i Vestland. I 2021 tok selskapet inn to traineear innan fagfelta rekneskap og løn. Ordninga er ein del av selskapet sin langsiktige rekrutteringsstrategi, og nokre av selskapet sine nøkkelressursar starta si karriere i Fjord1 via traineeprogrammet.    

Fjord1 har eit godt samarbeid med ulike maritime fagskular og vidaregåande skular med maritime linjer og har god erfaring med å ta imot skuleelevar til utplassering på fartøya.   

Du som søker stilling som trainee:

  • har utdanning på bachelor- eller masternivå
  • har maksimalt tre års arbeidserfaring etter avslutta studiar
  • beherskar norsk som arbeidsspråk
  • har vilje og pågangsmot til å ta fatt på eit unikt år som vil krevje mykje av deg

Framtidsfylket tilbyr deg:

  • ein spennande jobb med eit nettverk av kompetansebedrifter
  • fagleg og personleg utvikling
  • innsyn i eit mangfoldig næringsliv som få kjenner til
  • fire traineesamlingar og ein utanlandstur

NB: Alle traineestillingane må søkast på gjennom Framtidsfylket!