Biletet over: Årleg arrangerer selskapet samlingar for alle 1.årslærlingane.

Selskapet har til kvar tid ei rekkje opplæringsstillingar innanfor matros- og motormannfaget. I første halvår 2022 var det 88 lærlingar og 18 kadettar. I andre halvår 2022 hadde selskapet 100 lærlingar og 12 kadettar.

Lærlingane og kadettane er viktige for selskapet, og Fjord1 skal vere ein god plass for opplæring i det maritime yrket. Fjord1 har dei siste åra også hatt lærling i administrasjonen.

Lærlingar og kadettar får læretid på gassferjer, konvensjonelle ferjer og passasjerbåtar i Fjord1. Selskapet legg til rette for dei, og ser på dei som ein nyttig ressurs i det daglege arbeidet. Ein er oppteken av å tilsette dei flinkaste medarbeidarane og gje dei den beste kompetansen. Fjord1 gir lærlingane og kadettane ei variert læretid der dei får testa seg sjølv og kunnskapen på ulike typar fartøy, nybygg og i administrasjonen.

Selskapet har eit godt samarbeid med opplæringskontora i Haugesund og Ålesund. 

Årleg arrangerer selskapet samlingar for alle 1.årslærlingane. Fjord1 ønskjer å involvere og inkludere lærlingane, og gje dei ein unik sjans til å bli godt kjent med selskapet. Ein har tru på at desse samlingane gir positive ringverknadar, både den enkelte lærling sin arbeidskvardag, og for Fjord1.

Kadett er det siste steget i den maritime utdanninga før ein søker om sertifikat og vert offiser på bru eller i maskin. I Fjord1 har vi kvalifiserte opplæringsansvarlege som sørger for ei grundig opplæring etter gjeldande krav.

 

Vi har framleis ledige lærlingplassar i matros- og motormannfaget! I tilleggg har vi ledige stillingar som dekks- og maskinkadett!

Oppstart etter nærmare avtale. 

- Er du interessert i læreplass, ta kontakt med HR-rådgjevar Malin Steinset pr.mail; malin.steinset@fjord1.no, eller HR-medarbeidar Camilla Nordal; camilla.nordal@fjord1.no