Ferdamat - vårt serveringstilbod om bord

I kioskane våre finn du ekte Ferdamat – enkle, gode rettar som gjer reisa litt hyggelegare og pausen litt betre. Ta deg tid til å kjøpe ei nystekt svele, ein kopp kaffi, eller velg mellom varme og kalde rettar.

Ferdamat

Våre sjølvbetente kioskar er ope heile døgnet, medan dei betente kioskane har opningstider som varierer med sesong og samband. Uansett når du reiser, kan du rekne med noko godt å bite i.

Sjølvbetent kiosk – enkelt og tilgjengeleg

På mange av ferjene finn du sjølvbetente kioskar med eit godt utval av enkle rettar, snacks, søtsaker og kald og varm drikke. Her kan du handle raskt og enkelt, akkurat når det passar deg – anten det er behov for ein kaffikopp, noko lite å ete eller ei lita søt pause i kvardagen.

Betent kiosk – meir utval og ferske freistingar

På utvalde samband ønskjer vi deg velkomen til betent kiosk med eit breiare og ferskare mattilbod. Her kan du velje mellom varme og kalde rettar, ferske baguettar, is, snacks – og sjølvsagt dei populære svelene og vaflene våre.

Opningstidene varierer etter sesong og trafikk, men uansett kva samband du reiser på, møter du eit smil, ein godbit og noko å drikke.


Den originale Fjord1-svela, ein klassikar på fjorden

Svelene våre er blitt ein del av reiseopplevinga langs kysten. Mange meiner at turen ikkje er den same utan den tradisjonsrike svela – nytrekt frå takka, med smørkrem eller brunost, og servert med utsikt over fjord og fjell.

Visste du at...
I 2025 selde vi om lag 469.000 sveler?


Oppskrift på Fjord1-svela, den beste svela i landet!

No kan du ta med deg litt av Fjord1-kjensla heim, og lage svela slik ho blir servert til tusenvis av reisande langs kysten.

Svela som vart ein del av kystkulturen

Fjord1-veteran og skipsførar Karstein Holm fortel historia om svela - kysten sitt mjukaste ikon sidan 1971.

Når ei svele betyr meir enn eit måltid

Fjord1-svela har funne vegen heilt til eit sjukeheimskjøkken i Nord-Sverige. Der har svela blitt meir enn berre mat – men ei kjelde til glede, samhald og gode augeblikk, også når livet går mot slutten.

Når Fjord1-svela blir bursdagstradisjon

For mange betyr bursdag kake og lys. For denne familien handlar feiringa om vår tradisjonsrike oppskrift, ei varm steiketakke og lukta av nysteikte sveler.