Tradisjonen med bursdagssvele starta ikkje som eit stort prosjekt, men voks fram heilt av seg sjølv. Gjennom ferjeturar til Sunnmøre blei døtrene til Stine Vinnes tidleg kjende med svela som noko trygt og godt. Den dukka opp igjen og igjen på reisene, og det var vanskeleg å ikkje bli glad i den.
– Etter kvart ønskte jentene seg svele til frokost på bursdagen sin. Og då var vi eigentleg i gang, utan at vi heilt bestemte oss for det, fortel Stine.
Og slik blei ein ny familietradisjon fødd.
Originalen på kjøkkenet
Oppskrifta som blir brukt, er den same som Fjord1 brukar på ferjene sine i dag. Men historia starta faktisk ein annan stad.
– Det starta med ein gammal MRF-kopp hos svigers. Der stod oppskrifta trykt på sida. Men koppen var ikkje alltid tilgjengeleg, så vi fann den på Fjord1 si heimeside og har brukt den sidan.
Og det er ingen rom for improvisasjon.
– Her er det ingen slinger i valsen. Same oppskrift, kvar gong. Det kjennest riktig – det er liksom originalen for oss, seier ho.
Og kanskje nettopp derfor fungerer svela like godt på eit ferjedekk som rundt kjøkkenbordet heime.
Ein bursdag utan diskusjon
Når bursdagen nærmar seg, er det ingen forhandlingar om menyen. Jentene veit akkurat kva som ventar.
– Dei gler seg og forventar svele. Og dei ville blitt litt skuffa om det ikkje stod ein takke på kjøkkenet den dagen.
Kvelden før blir røra sett. Tidleg, tidleg på morgonen startar steikinga. Bursdagsbarnet blir vekka med bursdagssong, pakkar – og varme sveler, servert rett på senga.
Hos dei er det jordbærsyltetøy som gjeld. På ferje, derimot, er det alltid smørkrem som vinn.
– Er det røre igjen, blir det ofte ei ny runde utover dagen, eller når vi får bursdagsbesøk, fortel Stine.
Kaka kjem seinare. For dette er ikkje anten–eller.
– Vi køyrer dobbelt, vi; svele til frukost, kake til middag.
Mellom reise og heim
Svelene er framleis tett knytte til ferje og reise – men heime har dei fått sitt heilt eige liv.
– For oss betyr svele både ferje og tur, men òg bursdag og feiring. Heime er den blitt ein del av måten vi markerer noko viktig på, fortel Stine.
Og for ho handlar det om noko meir enn berre smaken.
– Det er noko veldig grunnleggjande og samlande ved svela. Den passar like godt når du er på veg ein stad, som når du stoppar opp og feirar nokon du er glad i.
Ein tradisjon som varer?
Om tradisjonen kjem til å halde når døtrene blir større og flyttar ut, er ho ikkje heilt sikker på.
– Det blir nok vanskelegare å halde den heilt lik når dei ikkje bur heime lenger.
Men svela slepp neppe taket heilt.
– Kanskje er det vi vaksne som får ta over etter kvart. Og starte med bursdagssvele på våre eigne bursdagar i staden, avsluttar Stine.
For somme tradisjonar er for gode til å sleppe. Dei endrar kanskje form – men mister aldri betydninga.