På ein sjukeheim i Nordmaling, ein liten kommune sør for Umeå, jobbar Eva Brodersen til dagleg med menneske som lever med alvorleg demens.

Sjølv kjem Eva frå Bodø i Nordland, men har budd og jobba i Sverige dei siste 13 åra. Gjennom desse åra har ho sett kva som betyr noko når appetitten sviktar og språket forsvinn. Og då – overraskande nok – er det ofte ei svele som når fram:

– I sommarvarmen når matlysta er borte, er det sveler som gjeld. Når dei vil ha noko søtt, men et verken kake eller syltetøyskive. Dei som ikkje et noko, dei vil likevel ha sveler. Det er faktisk litt magisk, fortel Eva, som har introdusert Fjord1 si svele på alle åtte avdelingane ho har jobba på.

Smaken som når fram

For mange av dei eldre på avdelinga er kvardagen prega av uro, forvirring, og tap av både funksjonar og ord. Å få i seg nok mat er ofte ei utfordring. Men lukta av nysteikte sveler, den mjuke smaken og lette konsistensen, gjer noko spesielt.  

Når livet nærmar seg slutten, og dei ikkje vil ha mat, ja, då kan ein svelebit vere akkurat det dei tek imot.

I dag er sveler blitt ein naturleg del av kvardagen på sjukeheimen:

Både bebuarar og tilsette spør etter dei. Å sitte rundt bordet å ete desse svelene saman, som i tillegg smakar godt, gjer også at pasientane vert rolegare og stressfaktoren går ned.

Eva fortel at sveleoppskrifta har vore hennar «go to» i ei årrekke. Før ho flytta til Sverige arbeidde ho på kafé. Der brukte ho også Fjord1 si oppskrift.

Kundane elska svela og kom stadig tilbake for dei, til liks med pasientane her på sjukeheimen. Alle elskar Fjord1 sine sveler, inkludert hundane mine, seier ho lattermildt.

I Sverige serverer Eva ofte Fjord1-svela med sylte på.
I Sverige serverer Eva ofte Fjord1-svela med sylte på.

Eit felles språk

Svelene har altså blitt ein del av fellesskapet på sjukeheimen, og dukkar opp både i bursdagar og i små feiringar – i tillegg til kvardags når behovet eller anledninga er der.

Det er noko med sveler som samlar folk. Dei er enkle, gode og inkluderande, akkurat som dei beste augeblikka i kvardagen kan vere.

Gode tankar over sveletakka

For Eva handlar det ikkje berre om ei god oppskrift. Det handlar også om omsorg, respekt og dei små tinga som utgjer ein forskjell i møte med menneske.

– Eg sender ofte Fjord1 ein god tanke, særleg når nokon ber meg steike sveler. Eg ser effekten dei har på menneske, og dessutan:

- Å steike sveler er utruleg tidseffektivt i ein travel kvardag i helsevesenet! Samanlikna med vaflar til dømes, så får eg steikt opp langt fleire sveler på same tid, avsluttar Eva.