Ingrediensar (ca. 14 sveler):

  • 4 egg
  • 1 liter kulturmjølk
  • 250 g sukker
  • 750 g kveitemjøl
  • 125 g smør
  • 1 spiseskei natron

Smørkrem:

  • 250 g smør, romtemperert
  • 125 g Melange
  • 375 g melis
  • 125 g sukker

Slik går du fram:

  1. Egg og sukker piskast til eggedosis.
  2. Smelt smør og bland inn. Ta så i kulturmjølka.
  3. Bland inn kveitemjølet, litt om gongen.
  4. Tilset natron, og rør godt.
  5. La røra stå ei god stund, før steiking på takke eller steikepanne.

Server med smørkrem eller brunost.