Det er tidleg morgon om bord. Fjorden ligg spegelblank, motoren durar lavt – og frå kiosken sig den velkjende lukta som får både pendlarar og turistar til å løfte blikket: nysteikt svele.

For mange er ho like sjølvsagt som redningsvesten og rutetabellen. Ei lita pause i reisa. Eit augeblikk av kvardagslykke. Ingen veit dette betre enn Fjord1-veteran og skipsførar Karstein Holm (70): 

– Eg har køyrt ferje i fleire tiår, og eg kan love deg éin ting: Der det er ferje, der må det vere svele, seier Holm og ler, medan han ser ut over leia.

Frå bygdene på Sunnmøre

Historia om svela er ikkje nedfelt i store kokebøker. Ho lev på kaffikoppar, på ferjedekk – og i minna til generasjonar av passasjerar.

Ifølgje Holm er det liten tvil om kvar ho har røtene sine:

– Svela oppstod på Nordvestlandet, og særleg i bygdene på Sunnmøre.

Han forklarar at kystfolket alltid har vore praktiske. Når mange skulle serverast på kort tid, var det behov for noko som var enkelt å lage, rimeleg – og som metta: 

– Svela var rett og slett eit lettvint og godt produkt. Du fekk eit lite måltid, noko som gav mettheitsfølelse, og samtidig smakte godt til kaffien.

Ferjene gjorde svela udødeleg

Det var likevel ferjedrifta som løfta svela frå bygdemat til det kulturmerket ho er i dag.

I 1971 vart svela introdusert om bord på ei MRF-ferje. Ein tilsett med namn Steinar Slettestøl, tok med seg svelerøre på jobb og starta med å servere til både mannskap og reisande.

– Det vart ein suksess umiddelbart! Det som starta i det små, vart raskt eit større prosjekt, og svela spreidde seg til fleire samband og ferjer i selskapet.

Lukta av nysteikte sveler får mange til å løfte blikket.

Svela fekk etter kvart omtale i MRF-nytt, og store samband som Molde–Vestnes var tidleg ute med svelesal om bord.

Då Fjord1 seinare tok over stafettpinnen, følgde svela med – og fann raskt vegen over fylkesgrensene.

– Det er ikkje tvil om at dette er ein smak folk likar, seier Holm.

Men han trur ikkje det berre handlar om smak:

– Den kaffikoppen med ei svele når du kryssar fjorden … då kan du verkeleg nyte turen. Då får du litt fred. For mange er dette den eine stille stunda i løpet av dagen, der ein berre set seg ned og slappar av.

Ferjeveteranen svergar til smørkrem på svela.
Ferjeveteranen svergar til smørkrem på svela.

Svergar til smørkrem

Kva som er rett pålegg på svela, tek Karstein på fullt alvor:

– Brunost kan vere litt eksotisk for turistar, seier han med eit skrått smil.

– Eg personleg svergar til smørkrem. Men begge delar fungerer utruleg bra, ler han – før han konkluderer:

– Det må vere opp til den enkelte.

Likevel kjem det raskt ei klar fagleg presisering frå veteranen:

– Smørkremen må vere heilt riktig for at den er godkjent. Ho skal vere luftig og fin, og godt jobba med – som ein perfekt eggedosis. Sukkeret skal ikkje knase, det må vere fullstendig innarbeidd. Dette er heilt vesentleg.

Og svela, då?

– Den må ikkje vere for tjukk. Når du brettar den saman, skal svela vere heil i bakkanten. Det er viktig!

-Vesentleg med riktig svelegrep

Karstein har tidlegare uttalt seg på riksdekkande TV om kva som er det rette svelegrepet. 

Sjå heile svele-intervjuet i NRK-programmet «Norge Nå» frå 2018 om bord i MF Romsdalsfjord her: Norge nå - NRK TV 

Merk deg "svelegrepet".

-Du kan ta dieselen, men ikkje svela

I dag er ferjene stillare, grønare og meir teknologiske enn nokon gong. Men svela består.

– Du kan ta frå oss dieselen, men ikkje svela, seier Holm og ler igjen.

For han er svela ein levande del av Fjord1 si sjel og kystkulturen. Når ferja legg frå kai og passasjerane trekk inn i salongen, er det ofte med svela som eit spesifikt mål:

– Har du køyrt langt, er det noko enkelt og godt med svela. Dessutan treng du ikkje å styre med å få den i deg, den er lett å ete og passar på alle samband uavhengig av overfartstid.

Handlar du svele i kiosken, er den som regel innpakka.

– I dag fungerer svela veldig godt som takeaway, ler Holm før han avrundar:

– Så lenge det går ferje på fjorden, må svela vere med. Ho har enda mange gode år framfor seg.