Sponsorat

Neste søknadsfrist: 1. april 2021.

Med sponsormidlane ønskjer Fjord1 å fremje mangfald, trivsel og nødvendige behov innanfor idrett og kultur i dei distrikta vi opererer i. Vi ønskjer å vere ein engasjert samfunnsaktør, spesielt på vestlandet kor vi er tyngst representert, og vi nyttar sponsing som eit verkemiddel for å nå dette målet. 

Fjord1 har valt å støtte både lag og organisasjonar i deira arbeid, både gjennom langsiktige prosjekt og ved enkeltarrangement. Selskapet sine primære sponsorobjekt er innan idrett og kultur. Fjord1 ønskjer å satse på breidde framfor smale målgrupper, og lag framfor enkeltutøvarar. Barn og unge er ein viktig del av målgruppa for sponsing. Det skal vere breidde- og ikkje eliteutøvarar. Fjord1 støttar ei rekke aktørar også gjennom annonsemateriell. 

I ein del av sponsorengasjementa som Fjord1 er med på, ønskjer selskapet langsiktig tenking. Dette sikrar ein betre effekt av dei investeringane som vert lagt ned i tid og pengar i sponsorobjektet. I tillegg viser erfaring at ein må vere med over tid for å bli assosiert med sponsorobjektet. 

Gjennom sponsoravtalane bygger Fjord1 relasjonar til kundar, medarbeidarar og våre samarbeidspartnarar innan idrett, kultur og organisasjonsliv. Vi ønskjer å vere synlege i lokalsamfunnet der vi har ruteproduksjon, og vi ser gjerne etter ein god «sponsormatch» når vi deler ut midlar.

Desse støttar vi i dag

- Etter ei svært annleis 17.mai-feiring i 2020 med koronasituasjonen, ønskjer vi å gjere litt ekstra stas på våre flotte korps rundt om, og difor er det ekstra gledeleg å dele ut ei pengegåve til alle musikklag, orkester og korps som søkte til Fjord1 om midlar i vår.

Desse 19 korpsa/musikklag/orkester får sponsormidlar frå Fjord1:

  • Stangeland korpsa
  • Ørskog Brass
  • Smøla Janitsjaorkester
  • Eid korpsforum
  • Øygarden skulemusikkorps
  • Manger skulemusikklag
  • Lauvstad skulekorps
  • Frakkagjerd skulekorps
  • Jåtten skulekorps
  • Musikklaget Melshorn
  • Musikklaget ULF
  • Lavik skulemusikk
  • Hessa og Aspøy skulemusikkorps
  • Paradis skulekorps
  • Kamba musikk
  • Fitjar skulekorps

Desse idrettslaga får sponsormidlar: 

  • Erdal Idrettslag
  • Ålvik Idrettslag
  • Turn- og idrettslaget Hovding
  • Tertnes Idrettslag
  • Idrettslaget Gneist
  • Idrettslaget Søya
  • Øygarden fotballakademi
  • Kristiansund Fjellklubb

I tillegg støttar Fjord1 turlag, kulturrelle arrangement og liknande, samt at ein har langsiktige avtalar med Florø fotball og skikrinsen i Sogn og Fjordane.