For Fjord1 handlar samfunnsansvar om korleis vår daglege drift påverkar menneska, miljøa og samfunnet rundt oss. Arbeidet er difor basert på selskapet sin visjon, verdigrunnlag og organisasjonskultur, der målsetnaden er å opptre som ein ansvarleg samfunnsaktør der relasjonane er bygd på tillit og truverd.  

Fjord1 sitt samfunnsansvar skal mellom anna gjenspegle selskapet sine kjerneverdiar, kvaliteten i arbeidet, sikkerheit for tilsette og kundar, beredskap og miljøfokus. Ved å bidra til utvikling, bruk og drift av energivennlege fartøy, bidreg Fjord1 til redusert forurreining frå fartøya. Fjord1 har etablert etiske retningslinjer som gir grunnlag for eit godt arbeidsmiljø, ein open og ærleg dialog, og ein sunn organisasjonskultur.

Berekraft

Dei prioriterte hovudområda for berekraft i Fjord1 gjeld berekraftig bruk av ressursar, godt arbeidsmiljø og god forretningsetikk. Miljømessige, økonomiske og sosiale faktorar er ein del av verksemda til Fjord1, og inngår i alle delar av den daglege drifta av selskapet. 

Fjord1 har integrert berekraftsmåla til FN som ein del av den overordna strategien, og har kartlagd dei mest aktuelle berekraftsmåla der vidare arbeid og moglegheit for å utgjere ein skilnad er størst. Selskapet står i spissen for utviklinga av miljøvenleg turisme og ferjedrift i Noreg.

Fjord1 vil halde fram langtidsstrategien om å vere best på miljøvennleg transport i åra som kjem.

For meir informasjon om Fjord1 si satsing på berekraft, sjå vår berekraftsrapport: