Rykande fersk kaffi får kroppen til å vakne, og eit freistande utval av varme og kalde rettar gir ny energi til å ta fatt på resten av reisa.

Et her – eller ta med

Vårt mattilbod er utforma slik at det er like lett å nyte maten i salongen som å ta han med seg i bilen. På alle dei store ferjesambanda har vi ein innhaldsrik kafèmeny med varme og kalde rettar, husmannskost, påsmurde baguettar og kioskvarer. På dei mindre sambanda med bemanna kioskar finn du eit freistande tilbod av enklare mat og drikke. Reiser du om natta, finn du automatar om bord som har eit rikt utval av kaffi, brus og snacks. 

Oversyn over serveringstilbodet på dei ulike sambanda finn du inne på rutesidene til kvart enkelt ferjesamband. Sjå etter ikona for kafè, kiosk eller automat. På dei mindre sambanda er cateringløysinga gjerne sjølvbetent, eller i form av automat. Vi tilbyr likevel eit freistande tilbod av enklare mat og drikke, i tillegg til standard kioskvarer som brus og anna snacks.

Glutenfrie og økologiske alternativ

På alle ferjesamband med bemanna kioskar kan du velje eit glutenfritt alternativ.

Fjord1 har ein målsetnad om å signalisere også gjennom cateringen at vi er leiande innanfor "det grøne skiftet". Difor vil vi i framtida tilby våre reisande økologiske produkt på dei største sambanda.