Varsling av kritikkverdige forhold

Kritikkverdige forhold som er vanskeleg å melde gjennom interne kanalar i Fjord1, kan meldast her. Varslingskanalen vert drifta og handtert av Advokatfirmaet Sands. Andre tilbakemeldingar/kundeklagar kan meldast direkte til Fjord1 her.

Å varsle er å seie i frå om kritikkverdige forhold i verksemda. Varsling hjelper Fjord1 med å rydde opp i og unngå slike forhold.

Arbeidstakarar og innleigde arbeidstakarar har rett til å varsle, og ved ein forsvarleg framgangsmåte er desse beskytta mot gjengjelding som følgje av varslinga. Fjord1 sine leverandørar, samarbeidspartnarar og andre oppfordrast og til å varsle om kritikkverdige forhold.

Varsling kan gjerast ope eller anonymt, og både varslinga og varslar sin identitet vert handsama som ei fortruleg opplysning.

Døme på kritikkverdige forhold kan vere:

• brot på lovar eller føreskrifter
• korrupsjon, underslag eller andre formar for økonomisk misleghald
• trakassering, diskriminering eller rusmisbruk på arbeidsplassen
• feilrapportering eller manipulering av finansiell rapportering
• fare for liv og helse, miljøtruslar