Slutt på refusjon verdikort

Refusjonsperioden er avslutta og Fjord1 har ikkje lenger anledning til å refundere desse korta.

Innføringa av AutoPASS som betalingsløysing starta 1. januar 2019.

I samsvar med Riksregulativ for ferjetakstar har verdikorta vorte refundert kostnadsfritt i inntil 3 år etter dato for avvikling.
Verdikort er på grunn av personvernet, ikkje registrert på namn eller firma, og Fjord1 har difor ikkje hatt moglegheit til å ta kontakt med enkeltkundar.
Fjord1 har publisert informasjon om avviklinga på vår heimeside, i sosiale media og media generelt i tillegg til oppslag og brosjyrar på ferjene.

Refusjonsperioden er no avslutta og Fjord1 har ikkje lenger høve til å refundere desse korta.

Dersom du ikkje lengre ønskjer å beholde ditt AutoPASS-ferjekort, må du ta kontakt med Autopass for ferje.

___________________

Les informasjon om AutoPASS betalingsløysing for brikkesambanda; Arsvågen-Mortavika, Hufthamar-Krokeide, Husavik-Sandvikvåg, Brekstad-Valset og Lote-Anda her:

AutoPASS for brikkesamband.pdf (747 kB)

Informasjon om AutoPASS som gjeld dei andre sambanda med denne løysinga:

AutoPASS-ferjeavtale(1).pdf (1,1 MB)