Innføringa av AutoPASS som betalingsløysing starta 1. januar 2019.
I samsvar med Riksregulativ for ferjetakstar har verdikorta vorte refundert kostnadsfritt i inntil 3 år etter dato for avvikling.
Verdikort er på grunn av personvernet, ikkje registrert på namn eller firma, og Fjord1 har difor ikkje hatt moglegheit til å ta kontakt med enkeltkundar.
Fjord1 har publisert informasjon om avviklinga på vår heimeside, i sosiale media og media generelt i tillegg til oppslag og brosjyrar på ferjene.
Refusjonsperioden er no avslutta og Fjord1 har ikkje lenger høve til å refundere desse korta.
Dersom du ikkje lengre ønskjer å beholde ditt AutoPASS-ferjekort, må du ta kontakt med Autopass for ferje.
___________________
Les informasjon om AutoPASS betalingsløysing for brikkesambanda; Arsvågen-Mortavika, Hufthamar-Krokeide, Husavik-Sandvikvåg, Brekstad-Valset og Lote-Anda her:
AutoPASS for brikkesamband.pdf (747 kB)
Informasjon om AutoPASS som gjeld dei andre sambanda med denne løysinga:
AutoPASS-ferjeavtale(1).pdf (1,1 MB)