MF Sildafjord i bakgrunnen, framfor står kaptein Ronny Vedå, gudmor og overstyrmann for MF Hillefjord Britt-Helen Raae, gudmor for MF Florøy Anne-Mari Sundal Bøe (økonomi- og finansdirektør)gudmor for MF Sildafjord Natalia Antonia Golis (fylkesvaraordførar i Vestland), og administerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland.

 

- Dette er ei stor glede for oss, og etter to år med pandemi har vi ei rekke dåpsarrangement som no skal gjennomførast for fartøya våre. Fjord1 har investert tungt i det grøne skiftet dei siste åra der vi har fornya fartøyporteføljen med 34 elektriske ferjer, fortel Neteland.

MF Hillefjord, MF Florøy og MF Sildafjord vart døypt mandag 23.mai ved Sunde båtkai i Kvinnherad. Arrangementet starta med første dåp av MF Hillefjord kl. 11:00.

MF Hillefjord - gudmor Britt-Helen Raae

MF Sildafjord - gudmor Natalia Antonia Golis 

MF Florøy - gudmor Anne-Mari Sundal Bøe

Etter kvar dåpsseremoni vart det servert kaker, sveler og kaffi, i tillegg kunne publikum vere med på visningstur med MF Florøy.

-Desse dåpsseremoniane markerer eit svært etterlengta «startskot» for våre nye miljøkontraktar i Vestland, der vi har sett inn topp moderne fartøy! Lokalsamfunn og miljø har fått eit kraftig løft der ferjene trafikkerer, og vi er stolte av å vere ein viktig bidragsytar for eit grønare, berekraftig samfunn i Vestland. Vi  vil nytte anledninga til å markere det store ferjeløftet som Vestland fylkeskommune har bidrege til, seier Neteland.