Biletet frå venstre: HR-leiar i Fjord1 Cicilie Færestrand, maritim leiar i Nordic Fire & Safety AS Stig Hestetræet, og Monica Nyheim i Verne-og miljøutvalet i Fjord1. 

 

Fjord1 har investert i hjartestartarar til alle ferjene og rutebåtane i flåten, som består i over eit 60-tals fartøy. I tillegg får alle tre administrasjonskontora kvar sine hjartestartarar. Fjord1 er den første aktøren i den maritime næringa som tilbyr hjartestartarar om bord i fartøya, eit hjelpemiddel som kan skilje mellom liv og død om ulukka inntreff.

Det er ikkje eit formelt krav med hjartestartar om bord i fartøya, men Fjord1 ønskjer likevel å ta ansvar og vere førebudd for ein kvar krisesituasjon som kan oppstå.

- Vi i Fjord1 er stolte over å vere den første aktøren i næringa som tek ansvar ved å investere i hjartestartarar om bord i våre fartøy. Vi tek vårt ansvar på høgste alvor, og ønskjer å vere førebudd for ein kvar situasjon som kan oppstå om bord. Våre mannskap øver rutinemessig på førstehjelp, og bruk av hjartestartar vil no inngå i desse øvingane, fortel driftsdirektør i Fjord1 Andrè Høyset.

Det er selskapet Nordic Fire & Safety AS som leverer hjartestartarane, som vil bli distribuert ut på alle fartøya innan ei veke. Det er også Nordic Fire & Safety AS som legg til rette for opplæring og ettersyn av hjartestartarane om bord.