Biletet over: MF Lote er ombygd for å gå på elektrisitet over Tysfjorden, mens MF Sulafjord (bak) er reservefartøy.

 

Den nye ferjekontrakta mellom Statens Vegvesen og Fjord1 omfattar både riksveg 827 mellom Drag og Kjøpsvik og E6 mellom Bognes og Skarberget. Her vert det hyppigare avgangar alle dagar og auka kapasitet på sommaren.

Kontrakta løper fram til 2032.

Lengste grøne samband

Ifølgje kontrakta skal alle dei ordinære ferjene over Tysfjorden driftast med elektrisitet. No startar testperioden mellom Drag og Kjøpsvik, som vert landets – og verdas – lengste el-ferjesamband.

– Noreg ligg heilt i front når det gjeld det grøne skiftet innan maritim transport. Det er ekstra gledeleg at vi no får grøne ferjer og i nord, på eit samband som berre for nokre år sidan vart vurdert som for langt, dyrt og komplisert for nullutsleppsløysingar, seier divisjonsdirektør Bjørn Laksforsmo i Statens vegvesen.

Nye fartøy

Fjord1 set inn tre fartøy, som er ombygd for å vere tilpassa el-ferjedrift. MF Lote og MF Glutra er allereie på plass på E6 mellom Bognes og Skarberget. Ferjekaiane er imidlertid ikkje tilpassa el-drift enda, grunna forseinkingar i framføringa av ny kraftlinje til Bognes. Ferjekaiene skal vere ferdig ombygd og klar for el-drift til hausten.

Dermed vert MF Fannefjord først ut med el-drift over Tysfjorden når fartøyet er ferdigstilt på nyåret. Med ein overfart på 14,8 kilometer vert dette verdas lengste el-ferjesamband. 

I mellomtida vil reserveferja MF Sulafjord ta trafikken mellom Drag og Kjøpsvik.

– Det er svært imponerande å sjå korleis teknologien har utvikla seg dei siste åra. Det er ikkje mange år sidan vi starta med å drifte ei strekning på 4,8 km kun på elektrisitet, mens vi no skal drifte drifte verdas lengste elektriske samband! Utviklinga har vore fantastisk, seier regionleiar i Fjord1, Jan Petter Thomsen.

– Vi har kome langt i løpet av desse åra, samtidig som regularitet, driftssikkerheit og komfort på el-ferjene har vore høg samanlikna med tradisjonell forbrenningsteknologi, seier divisjonsdirektør Bjørn Laksforsmo.

Det var for øvrig Fjord1 si ferje MF Glutra som starta energi-revolusjonen med flytande gass (LNG) i 2000, og som i nyombygd versjon gjer det mogleg å reise med nullutslepp frå Svinesund til Kirkenes.

Betring for trafikantane

Frå i dag blir rutetilbodet på E6 utvida, og det skal vere tre ferjer i heilårleg drift, mot tidlegare to. Dette betyr at det vert fleire avgangar på dagtid, når trafikken er størst. På sommaren vert det ekstra avgangar.

Sjølv om det likevel skulle bli kø i periodar, vil trafikken gli lettare og tilbodet til trafikantane bli betre. Samtidig som ferjekaiene langs Tysfjorden er bygd om for å vere tilpassa elektrisk drift, er oppstillingsarealet forbetra og det er bygd toalett og andre fasilitetar for publikum. Dei nye anlegga vert teken i bruk på nyåret.

Om bord blir og servicen betre, med krav til universell utforming og tilpassing for modulvogntog. Det blir og Autopass-regulativ med automatisk lengdemåling.

Det vert og ei endring i kiosktilbodet til reisande når Fjord1 overtek.

– No kjem endeleg våre tradisjonsrike og populære sveler på plass i kioskane om bord, noko som blir eit fint tilbod under overfarten, avsluttar Jan Petter Thomsen.