Tysdag 16.oktober vart Fjord1 sine nye ferjer, MF Møkstrafjord og MF Horgefjord døypt. Ferjene trafikkerer Krokeide-Hufthamar i Austevoll, eit samband som Fjord1 tok over drifta frå 1.januar i år. Dette er det første heilelektriske sambandet i Hordaland.

For Fjord1 har bygginga av dei nye ferjene vore eit spennande prosjekt som selskapet er svært glad for å lukkast med.

- Dette er ein merkedag i Fjord1, og ikkje minst ein merkedag for innbyggarane i Austevoll. MF Møkstrafjord og MF Horgefjord markerer det grøne skiftet i ferjenæringa, og vi er stolte over å tilby innbyggarane og dei reisande eit forbetra- og miljøvennleg tilbod med heilt nye ferjer, seier administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland.

Ferjedåpen vart gjennomført på Austevollshella i Austevoll kommune. Det vart servert kake, sveler og kaffi til alle frammøtte. Det var også anledning til å gå om bord i fartøya.

Sjå bilete frå dåpsarrangementet under!

Først ut var MF Møkstrafjord.

Adm.direktør i Fjord1 Dagfinn Neteland ønska velkommen.  

Gudmor for MF Møkstrafjord var varaordfører i Austevoll, Anja Heggholm.

MF Horgefjord vart døypt etterpå.

Gudmor for MF Horgefjord var SP-politikar i Austevoll kommune, Bente Bondhus.

Begge gudmødrene, Anja Heggholm (t.v) og Bente Bondhus.

Høgtideleg dag for mannskapet om bord.

Austevoll Brass underholdt med fleire musikkinnslag på Austevollshella.

Dåpsarrangementet var opent for publikum- som skapte ei fin ramme rundt arrangementet.