Dei seinare åra har vi utstedt og selt slike kort i Florabassenget.
NB! Kringom verdikort og periodekort kan fortsatt nyttast på Kystvegsekspressen samt på Vik-Ortnevik og Ortnevik-Måren-Nordeide.
Prisane på desse strekningane vert endra 1. juli 2022.
Kringom verdikort vil frå og med 1. juli ikkje lenger vere i bruk i Florabassenget.
Dersom du har igjen pengar på kortet, kan du bruke desse når du kjøper enkeltbillett eller 24-timarsbillett om bord på båten.
Du får ikkje lenger 17 prosent rabatt og kan heller ikkje fylle på kortet..
Kunden får refusjon for gjenståande dagar i perioden etter 1. juli dersom det er ønskeleg.
Dette gjeld frå den dagen prisendringa trer i kraft og fram til den dagen det enkelte kort er gyldig til.
Periodekort i Florabassenget kan refunderast fram til og med 30.september 2022.
For refusjon av periodekort / Kringom verdikort, fyll ut skjema og send til:
Fjord1 AS
pb 354
6902 Florø
eller til kortservice@fjord1.no
Hugs også å legge ved sjølve kortet dersom du ønskjer kortpanten på kr. 100,- utbetalt.
Klikk på lenka under for å fylle ut skjema. NB! Hugs å laste ned og lagre skjemaet før du lukkar det.
Les meir om endringa her:
Endring frå 1. juli - Billigare båtbilettar i Sogn og Fjordane.