Det er ikkje tillat for gåande passasjerar å bringe med seg farleg reisegods om bord.
Typiske døme på farleg reisegods er gassflasker, diesel/bensin, maling/lakk, white-spirit/raudsprit, sprayboksar, gassbaserte brannsløkkingsapparat, fyrverkeri eller giftige stoff.
Ved tvil ta kontakt med mannskapet før du går om bord i fartøyet.
- Batteri som ikkje er installert i elektrisk utstyr kan ikkje takast med inn i innreiinga/salong. Skadde batteri kan ikkje transporterast som reisegods.
- Ammunisjon til skytevåpen skal transporterast i samsvar med våpenlovgivinga.