Fjord1 fekk eit resultat før skatt på 18 millionar kroner i første kvartal, av ein omsetnad på 640 millionar kroner. Nedgongen i omsetnad og resultat samanlikna med 2018 er som venta og skuldast avvikling av tre trafikktunge samband i 2018, oppstart av to nye samband, samt førebuing til oppstart av totalt ni nye samband som Fjord1 skal operere frå 01.01.2020.

Drifta i første kvartal er gjennomført etter plan med ein driftsregularitet på 99,82%.

-Som tidlegare annonsert vil 2019 bli eit spesielt år for Fjord1 med særs høg aktivitet og med førebuing til oppstart av nye anbodskontrakter i 2020 med krav til låg- eller nullutslepp og miljøvennlege fartøy. Det er gledeleg å sjå at vi er godt i gong med å elektrifisere flåten vår. I 2018 tok vi imot sju el-nybygg. Vi har tatt levering av to fartøy så langt i år, og planlegg å ta levering av ytterlegare 14 fartøy i 2019. Frå 2020 vil Fjord1 operere meir enn 30 elektriske fartøy, fortel Dagfinn Neteland, administrerande direktør i Fjord1.   

Selskapet har passert ein viktig milepæl innanfor reiselivssatsing ved stifting av Vy Fjord1 Reiseliv AS i samarbeid med Vygruppen AS.

Rekneskap- og presentasjon av første kvartal 2019 finn ein her: https://www.fjord1.no/Investor-Relations