Video over: MF Fedjebjørn på dåpsdagen. Ferja trafikkerer Fedje-Sævrøy. 

MF Fedjebjørn vart døypt ved Fedje ferjekai torsdag 7.september.

Det er ingen tvil om at MF Fedjebjørn betyr mykje for lokalbefolkninga på øya Fedje, som består av 521 personar per andre kvartal 2023 (tal frå SSB).

MF Fedjebjørn er bindeleddet og einaste ferdselsåre inn til fastlandet.  

Unge og gamle møtte opp til dåpsarrangementet, og saman med musikkinnslag frå Fedje Kulturskule bidrog det til ei flott ramme rundt seremonien.

Administrerande direktør Dagfinn Neteland ønska velkommen og orienterte om prosjektet med dåpsferja, som markerer eit tydeleg grønt skifte:

I dag køyrer 80 prosent av fartøya våre på lav- og nullutslepp, noko vi er svært stolte av. Det har vore ei utruleg reise! Eg vil samtidig nytte anledninga til å takke Vestland fylkeskommune for det enorme ferjeløftet som dei har bidrege til gjennom denne kontrakta, sa Neteland frå podiet.

Biletet over f.v.: Fylkesordførar Jon Askeland, ordførar i Fedje kommune Stian Herøy, skipsførar Arild Torkelsen, administerande direktør Dagfinn Neteland, gudmor Vilgerd Storset Husa, og administerande direktør i Havyard Leirvik, Tor Leif Mongstad.

Gudmor Vilgerd Storset Husa (tidlegare ordførar i Fedje) gjennomførte dåpen.

Det går knapt an å overdrive kor mykje ferja betyr for oss, det er livsnærva vår, sa ordførar i Fedje kommune, Stian Herøy i sin tale (biletet under).

Fylkesordførar Jon Askeland skrytte over Fjord1 og Havyard:

Det er ingen som kan dette med ferjetransport betre enn dykk! Denne miljøsatsinga og utviklinga er livsviktig for heile kloden!

Stolt mannskap med gudmor og administerande direktør.

Rundtur for publikum

Etter seremonien var MF Fedjebjørn open for publikum, der mange vart med på ein rundtur. Det vart servert is, sveler, kaker, kaffi og brus i salongen. 

 

MF Bømlafjord

MF Bømlafjord vart døypt ved Langevåg ferjekai tysdag 5.september.

Biletet over frå venstre: Adm.direktør i Fjord1 Dagfinn Neteland, skipsførar Gøsta Af Geijerstam, gudmor Anne-Beth Njærheim, og adm.direktør i Havyard Leirvik, Torleif Mongstad.

Administrerande direktør Dagfinn Neteland ønska velkommen og orienterte om prosjektet med MF Bømlafjord, som markerer eit tydeleg grønt skifte:

Lokalsamfunn og miljø har fått eit kraftig løft, og vi er stolte av å vere ein viktig bidragsytar for eit grønare, berekraftig samfunn i Vestland. Vi er glade for at innbyggarane vil feire saman med oss!

Gudmor Anne-Beth Njærheim (biletet under) er klinikkdirektør i Helse Fonna og mangeårig lokalpolitikar frå Bømlo.

Ein stolt dag for mannskapet om bord i MF Bømlafjord.

Etter seremonien var MF Bømlafjord open for publikum, der det vart servert påsmurde rundstykker, is, kake, svele, kaffi og brus.