Fjord1 og Møre og Romsdal Fylkeskommune er samde om å styrke kapasiteten på strekninga Eidsdal-Linge i perioden 18.mai - 31.mai. Dette er som følgje av eit betydelig antall gjenståande køyretøy i siste halvdel av mai gjennom mange år. Statistikk for 2014 viste at 10 % av køyretøytrafikken måtte stå over minst ein avgang i snitt.

Det er M/F Solskjel som er satt inn som suppleringsferje, og sambandet vil då vere betjent av to ferjer i tidsrommet mellom kl.10-19 (gjeld alle dagar). Opningstida kan forskyvast med inntil ein time om trafikkbelastninga tilseier at det er behov for mindre justeringar.

Fredag 22.mai og mandag 25. mai blir opningstida på B-ferja på ytterlegare to timar for å kunne avvikle pinsetrafikken på ein god måte.

- Idag gler vi oss over tilleggsavtalen for mai, men Eidsdal-Linge er blant strekningane kor det blir registrert flest gjenståande køyretøy i heile Norge, og det er heilt klart eit prikært behov for å styrke tilbodet gjennom heile sommaren, fortel regionleiar i Fjord1 Odd Reidar Ormåsen.