Folkehelseinstituttet har utarbeidd ein rettleiar knytt til smittevernfagleg forsvarleg drift av offentleg kommunikasjon som til dømes båt- og ferjetransport.

Rettleiaren kjem i tillegg til eksisterande reglar og retningslinjer for sektoren, og under følgjer eit utdrag av råda som Folkehelseinstituttet gir til våre reisande. 

Råd til passasjerar

  • Ikkje reis om du er sjuk: Om du er sjuk eller mistenker at du er sjuk bør du ikkje reise med offentleg kommunikasjon.
  • God hostehygiene: Unngå å hoste og nyse i retning av medpassasjerar. Dersom du må hoste eller nyse bør du gjere dette i eit eingangslommetørkle eller i albogekroken.
  • God handhygiene: Sørg for å ivareta god handhygiene både før, under og etter reisa. Ver særskilt merksam på dette når du har vore i direkte kontakt med felles berøringspunkt som handtak, signalknappar, armlener og liknande. Unngå å ta på flater når det ikkje er nødvendig.
  • Hald avstand: Forsøk å halde god avstand til andre passasjerar. Det er anbefalt å halde avstand på minst ein meter til andre medpassasjerar på offentlege transportmiddel.
  • Vis omsyn til andre reisande: Sørg for å vise omsyn til medpassasjerar og andre reisande, spesielt eldre personar.

Les meir på Folkehelseinsitituttet sine sider her.