Biletet over: Siste frist for å refundere desse gamle ferjekorta er 30.juni. Korta har ikkje vore i bruk sidan 2019.
Fjord1 sine gamle verdikort vart avslutta som betalingsmiddel 30.juni 2019. Etter den tid har Fjord1 tatt i mot dei gamle korta for refusjon av restbeløp og no nærmar det seg siste frist for refusjon, som er sett til torsdag 30. juni.
- Ettersom vi nærmar oss siste frist for refusjon, opplever vi no stor pågang på telefon. Stor pågang saman med ferieavvikling hos oss, gjer at kundar må rekne litt lenger sakshandsamingstid den neste perioden. Vi vil også oppmode alle kundar om å sende inn førespurnaden skriftleg.
Skjemaet som skal fyllast ut for refusjon er: Sperring og refusjon av kort - Fjord1
NB! Dette verdikortet må ikkje forvekslast med AutoPASS ferjekort, som framleis er gyldig. Om kundar ønskjer å refundere Autopass ferjekort, må dei ta kontakt med post@autopassferje.no