I samband med koronasituasjonen blir bilar på ferje no registrert ved skiltgjenkjenning. Data frå denne innsamlinga blir sendt inn til Skyttel, selskapet som administrerar autopassordninga for ferje, men kundane skulle ikkje blitt belasta for ferjereisene endå då det framleis diskuterast korleis dette skal gjerast.

Det er oppdaga at det er blitt gjort ein feil hos Skyttel, og at alle registrerte reiser er blitt belasta kunden sin autopasskonto etter autopassregulativet. Dette regulativet har høgare prisar enn gjeldande regulativ, og er enno ikkje innført i Møre og Romsdal, Vestland og Viken. Reiser i denne perioden blir belasta så fort ferjeprisane er vedteke.

Alle beløp som er belasta i samband med feilen som oppstod, er tilbakeført til dei kundane det gjeld.