I årets statsbudsjett har regjeringa brukt ein milliard kroner på å senke ferjeprisane. Samanlikna med prisane i starten av 2021, utgjer dette ein reduksjon på 30%.

25% av prisreduksjonen vart gjort 1.7.2021. Frå 1.1.2022 går takstane ned med 11,7 % i tillegg.

Folk skal ikkje droppe å ta ferja fordi pengane ikkje strekk til. For mange er ferja avgjerande for at kvardagen skal gå i hop, seier samferdsleminister Jon-Ivar Nygård (AP).

Du finn oversikta på nye ferjeprisar ved å klikke deg inn på kvart enkelt samband via ruteoversikta her!

Fakturafri betaling

For å få rabatt, i tillegg til å unngå gebyr, anbefalar vi å inngå avtale om «FerryPay» eller Autopass-ferjeavtale.

Les meir om fakturafri betalingsløysing FerryPay her!