Kristian Jørgensen kjem frå stillinga som administrerande direktør i Fjord Norge AS, kor han har vore dei siste 11 åra. Han har tidlegare vore administrerande direktør i De Historiske Hotell & Spisesteder, marknadsdirektør for det Europeiske Kulturbyåret i Bergen, og reiselivsdirektør for Vestlandet.

At Vy og Fjord1 no satsar saman er det mest spennande og framtidsretta som skjer innan norsk reiseliv. Å få lov til å vere med å forme og leie dette samarbeidet er ei stor ære for meg, men og noko som gir både meg og mine nye kollegaer ei moglegheit til å påverke korleis reiselivet i Noreg må utvikle seg i tida som kjem, seier Jørgensen.

Administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland er tilfreds med tilsettinga av Jørgensen.

- Eg føler meg trygg på at Kristian Jørgensen er riktig mann for denne oppgåva. Saman skal vi skape vekst i lokal turistnæring og skape lokale arbeidsplassar i Noreg. Vi skal betre samspelet mellom nasjonale, regionale og lokale reiselivsaktørar, og ikkje minst bidra til heilårsturisme med miljøvennlege båtar, tog og bussar, seier Neteland.

Jørgensen sit i dag i styret til Adventure Travel Trade Association globalt, NCE Tourism Fjord Norway, og er medlem av regjeringa sitt strategiske råd for reiseliv og kultur. Han leiar organisasjonen Fjord Norge, som er turistrådet og landsdelsselskapet for Vestlandet med hovudansvar for å marknadsdøre dei fire Vestlandsfylka internasjonalt.

-Den internasjonale turismen er venta å vekse med 50 prosent fram til 2030. For å sikre ei bærekraftig utvikling må vi inspirere turistar frå heile verda til å velje meir miljøvennlege løysingar når dei er i Noreg. Det inneber å få dei til å velje miljøvennlege løysingar, som kollektivbaserte reiseopplevingar og rundturar, samstundes som ein ønskjer å opne turistane sine auge for verdien av det å reise saktare, bli verande lenger på same stad, sjå meir og kome hit heile året, seier Jørgensen.

Vy Fjord1 Reiseliv jobbar tett med lokalsamfunn og andre reiselivsaktørar, og er i dialog med fleire destinasjonsselskap i heile landet. Som ein start har selskapet delteke i ein emisjon i destinasjonsselskapet Romsdalen AS, og eig 12 prosent av aksjane. I tillegg eig Vy Fjord1 Reiseliv 31 prosent av aksjane i Geiranger Fjordservice AS.

Jørgensen tiltrer i stillinga som administrerande direktør for Vy Fjord1 Reiseliv 1. januar 2020.