Fjord1 hadde fredag gleda av å overrekke ei julegåve på 100 000 kroner til Kreftforeininga.

Kreftforeininga var representert ved Eli Kristin Pedersen. Ho er tilsett som kreftkoordinator og arbeidet hennes består i å hjelpe kreftsjuke og deira pårørande med koordinering og tilrettelegging av kvardagen på ein best mogleg måte. 

Fjord1 har i tildelinga lagt føringar for at gåva utelukkande skal gå til forsking. Mange mødre, fedre, besteforeldre, born, vener og kollegaer har fått fleire morgondagar takka vere forskinga.

Enda fleire skal overleve kreft og Fjord1 ønskjer å bidra til å finne betre og meir skånsame  behandlingsmetodar.

Pedersen er veldig takknemleg for gåva og seier at det er eit betydeleg beløp som vil komme godt med i det vidare forskingsarbeidet.

 

 

Kontaktperson:

Cicilie Færestrand

HR-leiar

Fjord1

Tlf: 997 32 263