Fredag vart Fjord1 tildelt kontrakta på indre Sunnmøre av Møre og Romsdal fylkeskommune. Anbodet omfattar drift på ferjesambanda Eidsdal-Linge, Stranda-Liabygda, Sæbø-Leknes og Hundeidvika-Festøya. Anbodet er tildelt ein periode på 14 år, og gjeld frå 1. januar 2020 og fram til 31. desember 2033.

 

Reduksjon av utslepp

Ved innlevering av anbodet var det sett krav til to tilbod; det eine tilbodet innebar elektrisk drift på sambanda Eidsdal-Linge og Stranda-Liabygda frå og med 2024. Alternativ B (som ikkje blei valt) var eit reint dieselalternativ.

Kontrakta som Fjord1 no er tildelt, inneber ein omfattande reduksjon av CO2-utslepp og bruk av fossilt drivstoff for dei to ferjesambanda Eidsdal-Linge og Stranda-Liabygda når nye fartøy skal settast inn. CO2-utsleppa for desse sambanda blir redusert med om lag 90 %.

Det har vore god konkurranse om oppdraget, og vi er svært glad for å redusere miljøutsleppa frå fylkesvegferjene som ligg tett inn på verdsarvområdet, seier samferdselssjef Arild Fuglseth i ei pressemelding frå fylkeskommunen Møre og Romsdal.

 

- Fantastisk nyheit

Regionleiar i Fjord1, Odd Reidar Ormåsen er svært glad for tildelinga.

- Eg har nesten ikkje ord for å beskrive kor gledeleg dette er. Kontrakta er kjempeviktig for Fjord1 og vil ved signering ytterlegare forsterke Fjord1 sitt solide fotfeste på vestlandet. Anbodsarbeidet har vore veldig komplekst og tidkrevande, men igjen ser vi at Fjord1-organisasjonen leverer resultat innanfor det viktige anbodsarbeidet. Eg må trekke fram prosjektgruppa og det flotte samarbeidet vi har mellom sjø og land i samband med anbodsprosessen. Det har vore eit suverent engasjement. Kontrakten er blant Fjord1 si største og varigheten er heile 14 år. Vi er også svært tilfreds med at oppdragsgjevar valgte det elektriske alternativet til tross for at dette naturligvis var noko dyrare. Vi gler oss til å ta fatt på oppdraget, seier Ormåsen.