Transportvilkåra er i tråd med Lov om sjøfarten av 24. juni 1994 nr. 39 kap. 15.

1. Ansvar for passasjerar og reisegods

Transportøren pliktar å erstatte tap som voldes ved at ein passasjer dør eller kjem til skade (personskade) under befordringen på grunn av sjøfartshending, herunder forlis, samanstøyt, stranding, eksplosjon, brann eller feil ved skipet. Transportøren sitt ansvar er begrensa oppad til 250.000 SDR per passasjer. Om sjøfartshendinga skuldast feil eller forsømming frå transportøren eller nokon denne svarer for, er ansvaret oppad begrensa til 400.000 SDR per passasjer.
Transportøren pliktar å erstatte tap som voldes ved at ein passasjer dør eller kjem til skade under befordringen som følge av feil eller forsømming frå transportøren eller nokon denne svarar for, og som ikkje skuldast sjøfartshending. Ansvaret er begrensa oppad til 400.000 SDR per passasjer.
Transportøren pliktar å erstatte tap som følgje av at reisegods går tapt eller kjem til skade under befordringen om hendinga som forårsakar tapet skuldast feil eller forsømming frå transportøren eller nokon denne svarer for. Tilsvarande gjeld tap som følger av forseinking av befordringen med passasjerar, eller befordringen eller utleveringa av reisegods.
For penger, verdipapir og andre verdisaker, så som gull, sølv, juveler.

2. Ansvar for køyretøy

Passasjeren sitt køyretøy, med eventuell tilhenger eller campingvogn mv, følger dei same reglar, med mindre anna framgår av desse transportvilkåra, som for reisegods. Køyretøyet med tilhenger eller campingvogn mv vert ansett som eit køyretøy i samsvar med reglane om transportøren sitt ansvar og ansvarsbegrensingar.
For køyretøy som hovudsakeleg vert nytta til personbefordring og som i det enkelte tilfelle vert anvetil godstransport, skal det utstedes fraktbrev. Transportøren sitt ansvar følger i slike tilfelle av ”Transportvilkår ved innanriks godstransport”.

3. Ansvar for forflytningsutstyr

Om transportøren ved feil eller forsømming har forårsaka tap eller skade på forflytningsutstyr eller anna spesielt utstyr benytta av ein person med nedsett funksjonsevne eller ein person med nedsett bevegelsesevne, skal transportøren betale erstatning tilsvarande gjenanskaffelsesverdien av det aktuelle utstyret, eller viss det er mogleg å reparere utstyret, tilsvarande reparasjonskostnadane.

4. Sikkerheitsforskrifter. Forbod mot farleg last

Passasjerar skal ikkje medbringe farlege gjenstandar eller stoff utan transportøren sin kjennskap. For nokre gjenstander og stoff er det også nødvendig med transportøren si tillating. Som farlege gjenstandar og stoff er det spesielt ting som er brennbart, etsande eller er eksplosjonsfarleg som
f.eks. fyrverkerisaker. Er passasjeren usikker på kva reglar som gjeld for gjenstanden eller stoffet som vert medbragt, skal transportøren kontaktast.
For køyretøy og campingvogner utstyrt med gassanlegg gjeld spesielt at hovudventil for anlegget må vere avstengt og alle innretningar som kjøleskap m.v. må vere slukka medan køyretøyet er om bord.

5. Ansvarsfråskriving

Transportøren er ikkje ansvarleg etter reglane i punkt 1 i følgjande tilfelle:
a) For personskade og forseinking oppstått før passasjeren går om bord og etter at han er kome i land, med mindre det dreier seg om sjøtransport mellom skipet og land som er inkludert i billettprisen eller utførast med transportmiddel stilt til rådighet av transportøren.
b) For handreisegods som ikkje befinner seg i eller på medført køyretøy for tida før godset blir bragt om bord og etter at det er bragt i land,
med mindre det dreier seg om sjøtransport som nevnt i (a) eller for den tid transportøren har hand om godset medan passasjeren befinner seg på kai eller på ein terminal eller eit anna anlegg i havn.
c) For levande dyr som vert sendt som reisegods.
d) Er det avtalt eller klart forutsett at ein bestemt del av transporten skal utførast av ein navngitt undertransportør, er transportøren ikkje ansvarleg for tap voldt ved hending som inntreff mens godset er i undertransportøren si varetekt.
Transportøren er ikkje ansvarleg for tap eller skade som skuldast passasjeren sjøv eller tredjeperson.
Ovanståande gjeld også om kravet mot transportøren ikkje grunnast på

6. Begrensning av transportøren sitt ansvar

Ansvar for personskade skal ikkje overstige 400 000 SDR for kvar passasjer. Ansvaret for forseinking med befordring av passasjeren skal ikkje overstige
4.694 SDR. Ansvar for tap som følgje av at reisegods er gått tapt, kome til skade eller er blitt forseinka, skal ikkje overstige:
a) 2.250 SDR pr. passasjer for tap som gjeld handreisegods;
b) 6.750 SDR pr. passasjer for tap som gjeld verdisaker motteke til oppbevaring i sikkerheit;
c) 12.700 SDR pr. kjøretøy, inklusive evt. tilhenger;
d) 3.375 SDR pr. passasjer for tap som gjeld anna reisegods.
Beløpa i første, andre og tredje ledd gjeld for kvar reise.
Ved skriftleg avtale mellom passasjeren og transportøren kan det fastsettast høgare ansvarsgrenser.
Reglane om transportøren sine innsigelsar og grensene for transportøren sitt ansvar gjeld sjølv om kravet ikkje grunnast på transportavtalen.
Reglane gjeld også tilsvarande viss kravet rettast mot nokon transportøren svarar for og vedkommande godtgjer å ha handla i tenesta eller for å fullføre oppdraget.

7. Passasjeren sin eigenandel

Transportøren har rett til i det oppståtte tap å gjere frådrag på inntil:
a) 330 SDR pr. køyretøy i tilfelle av skade på køyretøy:
b) 149 SDR pr. passasjer i tilfelle av tap eller skade på anna reisegods;
8. Dekklasting av reisegods
9. Omlegging av ruter og bruk av skip. Gjensidig kanselleringsrett
Transportøren forbeholder seg rett til å foreta avvik fra ruten med hensyn til oppgitte stoppesteder eller deres innbyrdes rekkefølge. På samme måte kan han oppfylle fraktavtalen med annet skip av samme standard enn angitt uten virkning for billettprisen.
Dersom egnet skip ikke kan skaffes tilveie etter havari kanselleres fraktavtalen mot full refusjon av billettprisen for angjeldende reisestrekning.
Dersom passasjeren ikke tiltrer reisen eller avbryter den, har transportøren rett til det avtalte vederlag med mindre passasjeren er død eller hindret ved sykdom eller annen rimelig grunn og transportøren underrettes uten ugrunnet opphold.

10. Forelding

Transportøren sitt ansvar for personskade eller for forseinking foreldast 2 år frå den dag passasjeren forlot skipet. Har dødsfall funnet stad etter ilandstigninga, er fristen 2 år frå dødsdagen, men ikkje meir enn 3 år frå ilandstigninga.

11. Lovval og Verneting

Befordringen er underlagt norsk sjølov av 24. juni 1994 nr. 39.
Søksmål i anledning av befordringen kan kun reisast ved domstol,
a) på den stad kor saksøkte har sin bustad eller hovudsete for bedrifta,
b) på avgangsstaden eller bestemmelsesstaden i samsvar med befordringsavtalen,
c) i den stat kor saksøkaren har bustad, om saksøkte har ein forretningsstad i denne staten og kan saksøkast der, eller
d) i den stat kor befordringsavtalen vart inngått, om saksøkte har ein forretningsstad i denne staten og kan saksøkast der.
Etter at tvist er oppstått, kan partane avtale at den skal behandlast av ein anna domstol eller ved voldgift.
___________________________________________________________________
Med SDR (Special Drawing Rights) menes den spesielle trekkrettighet som er fastsatt av Det Internasjonale valutafond. Verdien av 1 SDR er med på de daglige listene over valutakurser fra bankene.