Mange lurar på det same, her er ei oversikt.
Gamle verdikort/ ferjekort kan ikkje lengre nyttast. Her kan du lese meir om korleis du får dette refundert.
For å få rabatt som tidlegare må du no teikne ein AutoPass-ferjeavtale. Les meir om dette på www.autopassferje.no.
På ferja:
Dette vil skje på ulike måtar, men fellesnemnaren i alle tilfelle er at det ikkje vert billettert manuelt,
og at det vil vere gratis å reise for gåande og passasjerar. Dette gjeld både dei som er passasjerar i eit køyretøy og dei som kjem til ferjekaia på andre måtar.
På ferjesambanda som allereie bruker AutoPASS brikkelesingssystem vil ikkje trafikantane merke nokon praktisk skilnad.
På andre ferjesamband vil bilen sitt kjennemerke bli registrert med kameraregistrering.
Trafikantar som har ein rabattavtale med AutoPASS for ferje eller brikke frå eit bompengeselskap vil få rabattane sine i samsvar med desse avtalane.
Dei trafikantane som ikkje har rabattavtale vil få ettersendt faktura pr. post for det reisa kostar, utan påslag av fakturagebyr.
Faktura vert sendt til registrert eigar av køyretøyet.
Vi oppmodar alle våre reisande til å skaffe seg AutoPASS-brikke og AutoPASS-avtale for ferje.
Dersom du ikkje allereie har AutoPASS-ferjeavtale, kan du inngå slik avtale på www.autopassferje.no.
På passasjerbåt:
På passasjerbåtar betaler du med kort eller periodekort, verdikort eller ungdomskort.
Her kan du lese meir om dei aktuelle rabattkorta som er tilgjengeleg på hurtigbåt.
AutoPASS-kort (AutoPASS-ferjeavtale) kan også nyttast betalingsalternativ dersom du reiser ifølge med bil.
På passasjerbåtane betaler ein for reisande, bil og gods.
I samband med korona, så er det stopp i kontant betaling med setel og mynt på lokalbåt i Sogn og Fjordane.
Frå måndag 13.juli kan du igjen nytta reisekort og bankkort om bord. Du kan og kjøpe billett med Vipps kor det er faste prisar.
Les meir informasjon her.
Ta kontakt med mannskapet før du køyrer om bord, slik at du får ei god plassering tilpassa dine behov. Om vi er merksam på dette behovet vil vi tilrettelegge for deg etter beste evne.
Av omsyn til tryggleik og særleg brannfare, skal alle forbrenningsmotorar innmontert i motorvogn eller tilhengar vere stoppa under overfarten. I særlege tilfelle kan likevel skipsførar tillate at andre forbrenningsmotorar enn framdriftsmotor går under overfart. Dersom du treng å ha t.d. kjøleaggregat i gang, ber vi om at du tek kontakt med ferja før planlagt avgang. Særlege plasseringsreglar på ferjedekket vert gjeldande, og sjåfør skal under overfarten føre kontinuerleg tilsyn med køyretøyet.
Under ledige stillingar finn du oversikt over alle utlyste stillingar i selskapet.
Nei. Av omsyn til tryggleik og særleg brannfare, skal framdriftsmotor alltid vere stoppa under overfarten.
Ja, du kan ta med dyr på alle våre samband. Ombord i våre ferjer på Arsvågen-Mortavika må dyr vere att i bilen, eller plassert i bur (som du eventuelt kan låne ombord) under overfarten. Dyr kan ikkje vere med inn i salongen.
OBS: På nedre bildekk på Arsvågen-Mortavika kan ikkje passasjerar sitte i bilen under overfarten. Blir du tilvist denne plasseringa og ikkje ønskjer at dyret skal vere att i bilen aleine, må du ta det med deg i bur til øvre bildekk.
Fjord1 har avtale med oppdragsgjevar basert på konkrete avgangstider, og presis avgang er avgjerande for at også etterfølgjande turar får presis avgangstid.
Presis avgangstid er også ein del av servicen som kundar får ved å kome i land til planlagt tid. Vi kan difor normalt ikkje imøtekome ønske frå enkeltkundar som ber skipsførar om å vente.
Større avvik i ferjerutene vert kunngjorde på hovudsida på Fjord1.no og på infosida for sambandet. Det blir også kostnadsfritt sendt trafikkmeldingar for enkelsamband via SMS til dei som abonnerer på tenesta. Ein kan også laste ned Fjord1 sin mobilapp med oppdatert informasjon og trafikkmeldingar.
Kunngjering og skilting av ev. omkøyringsvegar er Statens vegvesen sitt ansvar. Informasjon om dette finn du på www.vegvesen.no eller på tlf. 175. Tlf. 175 er også oppdatert på driftsavvik.
For meir informasjon om refusjon av verdikort, klikk her.
Det fins tre produktvariantar for periodekort:
Betalingskonseptet «AutoPASS for ferje» skal erstatte den gamle ordninga med verdikort og storbrukarkort.
Ein avtale om AutoPASS for ferjer inneber:
For meir informasjon sjå: www.autopassferje.no
Når du teiknar ein avtale og betalar på forskot, får du ein AutoPASS-ferjekonto.
Privatkundar kan legge til to køyretøy per ferjekonto. Firmakundar kan legge til så mange dei ønskjer.
På samband som ikkje har innført AutoPASS-brikkebetaling kan ein bruke AutoPASS-ferjekort. Brikka og ferjekortet er knytt opp mot same forskottsavtale.
For meir informasjon om AutoPASS for ferje, sjå www.autopassferje.no eller kontakt Skyttel på tlf. 55 30 00 00.
El-bil betalar halv pris av ordinær køyretøypris. El-bil med hengar betalar halv pris av ordinær bil med hengar pris.
Ved bruk av rabattkort/brikke blir det gitt 50 % rabatt i tillegg, dette tilsvarar 25% av ordinær køyretøypris.
Sjåfør er alltid inkludert i køyretøytaksten.
Sjå informasjon under kvart enkelt samband for informasjon om billettprisar.
På www.autopassferje.no/ finn du ei oversikt over kva samband som har brikkelesing og kva samband ein kan bruke autopassferjekort.
Du får 50 % rabatt på alle strekningar året rundt ved å syne godkjent skule-/studentbevis.
18 % rabatt ved 12 eller fleire reisande. Rabatten gjeld berre på vaksen- og barnetakst.
25 % rabatt ved mellom 2 og 11 reisande. Rabatten gjeld berre på vaksentakst.
For passasjerar blir det skrive ut verdikort med minsteverdi på 300 kr. Rabatt blir gitt ved bruk og slik at ein oppnår 17 % rabatt i høve full takst på strekninga for vaksen/barn. Rabatten gjeld ikkje honnør.
Det er ikkje lengre mogleg å kjøpe verdikort for køyretøy.
For å oppnå rabatt som tidlegare må du inngå ein autopass-ferjeavtale. For meir informasjon om dette sjå www.autopassferje.no.
Billett med 50 % rabatt. Ordninga omfattar:
a) personar over 67 år
b) uføre som har uførepensjon etter Lov om folketrygd
c) blinde. Fylgje til blinde som reiser fritt
d) ektefelle / registrert partnar som reiser saman med person som har rett til honnørbillett etter punkta framfor.
50 % rabatt til vernepliktig mannskap. Vernepliktsbok eller innkallingsordre gjeld som bevis.
Ungdom mellom 16 og 20 år kan løyse ungdomskort for 375 kr for perioder á 30 dager. Plass kan ikkje tingast på førehand. Kortet kostar 100 kr å få laga til (pant). Pant blir krevd ved første gangs kjøp, og ein må ha med passfoto og godkjend legitimasjon som syner alder ved kjøp (pass, bankkort med bilete eller førarkort). Kort kan tingast om bord eller på www.fjord1.no.
Ja, ledsager som er passasjer skal alltid reise gratis. Om der er fleire ledsagerar som er med som passasjerar, skal alle reise gratis. Personar som reiser i følgje skal framvise legitimasjonskort/følgjekort der kommunen bekreftar at vedkommande har behov for ein eller fleire ledsagerar. Dette gjeld både ved reiser utan bil og passasjer i ordinær bil.
Om ledsager er førar av køyretøyet, inngår ledsageren i prisen for køyretøyet som det skal reknast ordinær takst for.
Om personen som har behov for følgje er passasjer sjølv, skal vedkommande betale honnørtakst.