Billettar og refusjon av verdikort

Det er kunden sitt ansvar å oppsøke billettør for å kjøpe billett snarast mogleg etter ombordkøyring.

Korleis kjøper eg billett på ferja eller passasjerbåten?

Billettar kan kjøpast direkte hos billettør om bord / på kaia eller i billettbu der dette finst. Gyldig betalingsmiddel er både kontantar, bankkort og ferjekort.

På Arsvågen-Mortavika vert ein automatisk belasta på Autopass-brikke ved å køyre i felt 1 eller 3. I midterste felt kan ein betale med bankkort i billettautomat. Ønskjer ein å betale med kontantar vel ein "betal om bord" i billettautomat. Ein får rabatt kun ved å køyre i Autopass-felt.

Kva kostar ein billett?

Sjå informasjon under kvart enkelt samband for informasjon om billettprisar.