Fjord1 omsette for 751 millionar kroner i andre kvartal, 9% høgare enn same kvartal i 2019. EBITDA har auka med 9% til 245 millionar kroner. Første halvår viser ein EBITDA på 438 millionar kroner av ein omsetnad på 1 502 millionar kroner. Resultat før skatt for første halvår er 10,5 millionar kroner. Fjord1 leverer god drift i eit halvår med oppstart av nye kontraktar, levering og elektrifisering av fartøy, samt samfunnsmessige og økonomiske konsekvensar av Covid-19.

Det har vore trygg og føreseieleg drift i første halvår. Administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland er godt tilfreds med ein regularitet på 99,7% i eit utfordrande halvår.

- Fjord1 sitt store fornyingsprogram med 25 nybygg og fem ombyggingar er fullført, der det siste fartøyet vart levert i august. Den store elektrifiseringsbølga i selskapet er dermed gjennomført, og Fjord1 har 30 elektriske fartøy i drift ved utgangen av 2020. Arbeidet med elektrifisering av sambanda har gått framover sjølv om Covid-19 har budd på utfordringar. Saman med noko forseinka levering av fartøy, har det og medført forseinkingar i elektrifisering av samband. Fjord1 reknar likevel med å fullføre lade-infrastruktur i løpet av andre halvår 2020. Det har vore eit stort administrativt og økonomisk løft for Fjord1, og vi er tilfreds med det som er gjennomført, fortel Neteland.

- Cateringområdet har vore utfordrande for selskapet i første halvår, men vi ser ei positiv utvikling i juli med god effekt av gjenopning- og oppstart av sjølvbetente kioskar. Reiselivsområdet har vore svært krevjande i første halvår, og vi ser at det vert utfordrande og i tida framover. Fjord1 har likevel stor tru på reiseliv og den felles reiselivsatsinga saman med Vy-gruppen held fram som planlagd, seier Neteland.

Det neste halvåret vil Fjord1 også fokusere på å sikre god oppstart av dei elektriske sambanda og hente ut miljøeffektar ved overgang frå diesel til elektrisitet slik som føresett i kontraktane.