Arbeidsoppgåver som matros

Som matros har du ein variert arbeidskvardag med mange ulike oppgåver. Dette inkluderer både vakt- og vedlikehaldsarbeid, laste- og losseoperasjonar og rutinar ved ankomst og avgang. Du vil ta del i ansvaret med å oppretthalde ferja eller hurtigbåtens funksjonalitet, samtidig som du skal sikre passasjerane sin komfort og sikkerheit. Matrosar deltar også aktivt med navigasjon og vedlikehald av utstyr.

 

I rolla som matros samarbeider du tett med kaptein og styrmann, og di rolle inkluderer vedlikehald om bord, opprettehalde orden, i tillegg til vasking og rydding. Du vil også ha ansvar for å vere bruvakt, fortøye båten ved kai, og sikre at alle oppgåver utførast i samsvar med rutinar og prosedyrar. Du vil  bli satt til å observere og rapportere avvik medan du opprettheld standardar for sikkerheit og beredskap.

 

Kvalitetar som matros

Som matros bør du trivast med praktisk arbeid og ha gode samarbeidsevne då du jobbar saman med som del av eit mannskap. Du må også være ansvarsbevisst då du i jobben skal følgje fleire sikkerheitskrav og reglar. På fartøy jobbar det ofte personar frå ulike nasjonalitetar, så gode engelskkunnskapar er ønska. Andre eigenskapar vi ser etter er at du er serviceinnstilt og har gode kommunikasjonsferdigheiter. 

 

Arbeidstider og turnus som matros

I Fjord1 kan du som matros forvente å følgje eit turnussystem der du eksempelvis  jobbar to veker om bord, etterfylgt av to veker fri. Turnus vi varierer avhengig av skipstype og oppdrag, og gir deg fleksibilitet og balanse mellom arbeid og fritid.

 

Matros hos Fjord1

Som matros har du ikkje berre den beste kontorutsikta, du skal også ha moglegheit til både fagleg og personleg utvikling. Vi søker dedikerte og kompetente kollega  som ynskjer å bidra til vår suksess og som deler vår lidenskap for sjølivet. Som matros vil du oppleve utfordrande oppgåver og vere ein nøkkelperson om bord på våre fartøy Alle som ynskjer å jobbe på våre ferjer og hurtigbåtar, inkludert lærlingar, må oppfylle helsekrav for å sikre at dei utføre oppgåvene trygt og effektivt.

 

Bli med oss på reisa. Søk i dag og ta det første steget mot ei givande karriere som matros i Fjord1!

 

Sjå våre ledige stillingar som matros!