Arbeidsoppgåver som skipsførar/kaptein

Som skipsførar er du øvst ansvarleg for trygg drift av skipet. Hovudoppgåva inkluderer navigasjon, manøvrering og sikring av skipet. I denne rolla planlegg du ruter, overvakar vêret og sikrar at skipet følgjer alle sikkerheitsreglar. Kommunikasjon med mannskap og andre skip er avgjerande.

 

I Fjord1 vil du som skipsførar eller kaptein ha ei viktig leiarrolle som inkludera oppgåvefordeling og administrativt arbeid, som å loggføre hendingar. I naudsituasjonar er du ansvarleg for å handtere og koordinere redningsoperasjonar. Skipsføraren sitt yrke krev høg kompetanse og stort ansvar for å tryggje effektiv sjøfart.

 

Kvalitetar som skipsførar/kaptein

Som skipsførar er du ein viktig rollemodell for våre tilsette. For å lukkast i denne rolla må du vere handlekraftig, effektiv og nøyaktig. Feil avgjerd eller mangelfull merksemd kan medføre farlege situasjonar. Du må vere serviceinnstilt, god til å samarbeide og like å arbeide tett med mange menneske. Du må kunne inspirere, motivere og leie andre.

 

I Fjord1 meiner vi at ein dyktig skipsførar eller kaptein har eit sterkt fokus på sikkerheit, og går fram som eit godt førebilete. I tillegg evnar du å leie mannskapet og delegere oppgåver, noko som er essensielt for effektiv drift. Gode kommunikasjonsevner er viktige, enten det gjeld samhandling med mannskap om bord eller andre skip i farvatnet. Du må også ha forståing for ditt ansvar og ha evne til å ta avgjerder under press, også i naudssituasjonar.

 

I rolla som skipsførar må du halde deg oppdatert på den nyaste teknologien og regelverket innan sjøfart, og kunne opptre profesjonelt i krevjande situasjonar. Du må kunne dokumentere fartøyet sine operasjonar nøyaktig. Som skipsførar i Fjord1 må du ha gode relasjonelle ferdigheiter, og evne til å samarbeide godt både med eige mannskap og alle delar av organisasjonen.

Arbeidstider og turnus som skipsførar/kaptein

I Fjord1 kan du som skipsførar forvente at du følgjer eit turnussystem der du jobbar for eksempel to veker om bord, etterfylgt av to veker fri. Denne turnusen varierer avhengig av skipstype og oppdrag, og gir deg fleksibilitet og balanse mellom arbeid og fritid.

 

Skipsførar/kaptein i Fjord1

Leiarutvikling er sentralt i Fjord1, og som skipsførar evnar du å inspirere og leie dine tilsette. Som person set du sikkerheit i førarsetet, i tråd med Fjord1 sine retningslinjer. Som skipsførar eller kaptein i Fjord1 får du spennande arbeidsoppgåver, ansvar og mynde, konkurransedyktig lønn og gode moglegheiter for karriereutvikling til administrative stillingar i selskapet.

Bli med oss på reisa. Søk i dag og ta det første steget mot ei givande karriere som skipsførar i Fjord1!

Sjå våre ledige stillingar som kaptein!