VISSTE DU AT... ?

 

Fjord1 er ein av dei største opplæringsbedriftene i Noreg innan matros- og motormannfaget

Fjord1 har om lag 60 lærlingar kvart år, og dette talet skal auke!

I løpet av sommaren i år skal vi ta inn over 40 nye lærlingar!

Fjord1 er det største ferjeselskapet i Noreg, med omlag 1350 årsverk og 80 fartøy

Dei siste 10 åra har selskapet hatt rundt 300 lærlingar som har bestått fagprøva via Fjord1 og dei maritime opplæringskontora

Som lærling får du ta del i mange spennande arbeidsoppgåver knytt til lærefaget

Fjord1 gir lærlingane og kadettane ei variert læretid der du får testa deg sjølv og kunnskapen på ulike typar fartøy, nybygg og i administrasjonen

Lærlingane vert inkludert og involvert, og årleg arrangerer vi ei fagleg og sosial samling for alle 1.års-lærlingane

Du får god og personleg oppfølging frå våre dyktige instruktørar

Vi hjelper lærlingane våre vidare med å sikre seg kadettstilling i selskapet om ein vil bli offiser (maskinsjef/styrmann/kaptein)

Som lærling får du ta del i selskapet sine gode velferdsordningar

Fjord1 er leiande innan det grøne skiftet, og som lærling får du ta del i denne elektriske revolusjonen

Som lærling i Fjord1 har du gode moglegheiter for å vere stasjonert på eit nytt fartøy. Dei siste to åra har selskapet fornya om lag heile ferjeflåten med den nyaste og fremste teknologien som finst!

Fjord1 ønskjer fleire jenter og kvinner i selskapet, og kvinneandelen i maritime og leiande stillingar er stigande

Om du er interessert i ei læretid der sjøliv, ny teknologi og bærekraft er ein del av det, kan Fjord1 vere riktig læreplass for deg

Som lærling i Fjord1 vert du ein dyktig og ettertrakta arbeidskraft i næringa

Som lærling i Fjord1 får du gode moglegheitar til å sikre deg ei framtidig fast stilling i selskapet

Med ein «fot innanfor» selskapet har du mange moglege karrierevegar framfor deg