MF Grip og MF Tustna vart døypt ved storkaia i Kristiansund onsdag 19.april, og MF Møringen og MF Smøla vart døypt 20.april ved Sandvika ferjekai.

MF Grip og MF Tustna er designa av HAV Design i Fosnavåg og trafikkerer sambandet Seivika-Tømmervåg. Skipsbyggingskontraktene vart inngått 27.februar 2018 og det var brennstart allereie to månadar etterpå, i april 2018. MF Tustna vart levert frå verft 17.desember 2019. MF Grip vart levert 15.januar 2020.

MF Møringen og MF Smøla er designa av HAV Design i Fosnavåg og trafikkerer sambandet Edøya-Sandvika. Skipsbyggingskontraktane vart inngått 2. mars 2018 og skroga vart levert frå Cemre Shipyard, Tyrkia, til Havyard Leirvik i oktober og november 2019.

Alle dei fire ferjene er bygd som plug-in hybrid med lading frå land.

Tusen takk til alle som var med å gjere dåpsdagane vellykka, og spesielt takk til gudmødrene: Hanne Enoksen (MF Grip), Ingunn Golmen (MF Tustna), Hanne-Berit Brekken (MF Møringen), og Torill Vestad (MF Smøla)!