Ferjene vil gå kvar heile og halve time frå Arsvågen og Mortavika i perioden det er redusert kapasitet.

Fjord1 vil gjere sitt beste for at ulempene blir så få som mogleg for dei reisande.

Fjord1 oppmodar dei som har moglegheita til å vurdere reiser på døgeret der det tradisjonelt er lågare trafikk. Dei reisande må pårekna at det kan bli ventetid i perioden.

Det er viktig at ein følgjer tilvisingane frå ferjemannskapet, kaivakter, og tilsette i billettbodane, for å skape ei mest mogleg effektiv trafikkavvikling.