Fjord1 følgjer utviklinga av situasjonen knytt til Koronaviruset (COVID-19) tett. Vår høgste prioritet er å ivareta sikkerheit og helse for våre passasjerar og tilsette.

Som eit tiltak for å hindre spreiing av korona-smitte vart all manuell billettering på riksvegferjene stoppa søndag 15. mars, og fleire fylker gjorde det same. Frå og med mandag 6.april vert billetteringa gjenoppteke. 

Dette vil kunne skje på ulike måtar, men fellesnevnaren i alle tilfeller er at det ikkje vert billettert manuelt, og at det vil vere gratis å reise for passasjerar. Dette gjeld både dei som er passasjerer i eit køyretøy og dei som kjem til ferjekaia på andre måtar. 

På ferjesambanda som allereie brukar AutoPASS-brikker vil ikkje trafikantane oppdage nokon praktisk forskjell. På øvrige ferjesamband vil bilen sitt kjennemerke bli registrert med kameraregistrering, eller skriftleg av billettøren. Trafikantar som har ein rabattavtale med AutoPASS for ferje eller eit bompengeselskap vil få rabattane sine i samsvar med desse avtalane.

Dei trafikantane som ikkje har ein rabattavtale vil få ein faktura i posten for det reisa kostar, utan påslag av fakturagebyr.

 

Kontantbetaling utgår på passasjerbåtane

På passasjerbåtrutene i Vestland (i Sunnfjord, Nordfjord og Sogn) utgår kontantbetaling som betalingsmiddel.

 

Servering om bord

All servering i form av betent og sjølvbetente kioskar er opphøyrt under denne perioden med Koronasmitte. Reisande vil difor ikkje kunne handle om bord i Fjord1 sine fartøy.

- Vi gjennomfører desse tiltaka i samarbeid med Statens Vegvesen og aktuelle fylkeskommunar med tanke på smittevern for våre tilsette og reisande, og håpar på forståing for det. Vi oppmodar dessutan alle våre reisande til å bli sittande i køyretøyet under overfarten. Om ein likevel forlet køyretøyet under overfarten, så legg vi til grunn at det kun er for nødvendige ærend eller beskjedar til mannskapet, seier driftsdirektør i Fjord1, Andrè Høyset.

 

Oppdatert informasjon

Etterkvart som Fjord1 set i verk alternative automatiske billetteringsløysingar, vil ein finne informasjon om dette på heimesida vår, www.fjord1.no.