Fjord1 leverer eit netto overskot etter skatt på 115 millionar kroner i tredje kvartal. Omsetnaden vart på 705 millionar kroner, og EBITDA på 278 millionar kroner. Resultatbidraget har vore positivt frå alle segmenta (ferje, passasjerbåt, catering og turist). Omsetninga vil vekse til neste år når nye kontraktar startar opp 1.januar 2020.

- 2019 er eit overgangsår med endringar i kontraktsporteføljen og store investeringar i null- og lavutsleppsfartøy og utbygging av ladeinfrastruktur. Dette forsterkar vår posisjon som den mest miljøvenlege leverandøren av ferjetransport i Noreg, fortel administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland.

Fjord1 har i dag 17 hybridelektriske fartøy i ferjeflåten og innan andre halvår 2020 vil selskapet ha ytterlegare 13 hybridelektriske fartøy i operasjon. 1.januar startar Fjord1 drift av ni nye samband i Hordaland, alle med ny miljøvennleg teknologi. Ein stor del av ferjeflåten i Fjord1 vil vere nullutslepp og bidra til positiv effekt på miljøavtrykket gjennom betydeleg redusert Co2-utslepp.

I løpet av andre halvår 2020 vil selskapet operere 30 elektriske ferjer og 19 samband vil vere elektrifisert. Sambandet Anda-Lote har vore drifta elektrisk i 1,5 år, og erfaringar etter å ha passert 50.000 ladningar viser at teknologien fungerer som venta. Også innan reiselivsområdet er det gode erfaringar med heilelektrisk drift.