Statsminister og høgrepolitikar Erna Solberg besøkte Fjord1 i Florø. Saman med fleire tilsette frå eigen stab og lokalpolitikarar frå Kinn Høgre tok ho turen ut i Florabassenget med MS Fjordglytt fredag morgon.

Det var statsministeren som sjølv ønska å legge Fjord1-besøket til sjøs. Eit flott sommarvær og servering av Fjord1- sveler og kaffi medverka til at rammene rundt turen vart fine denne morgonen.

- Dette er heilt fantastisk, smilte ein strålande tilfreds minister på turen ut i Floraskjærgarden.

Administrerande direktør i Fjord1 Dagfinn Neteland informerte om selskapet, og snakka spesielt om elektrifiseringa som Fjord1 gjennomfører. Det var ein interessert statsminister som stilte Dagfinn Neteland fleire oppfølgingsspørsmål knytt til temaet.

- Dette var eit svært hyggeleg møte med ein lyttande og interessert statsminister. Erna Solberg har besøkt Fjord1 fleire gongar dei siste åra, og det set eg sjølvsagt pris på. Det er positivt med minsterbesøk, og gledeleg at politikarane ser det store arbeidet Fjord1 gjer på miljøsida, gjennom elektrifiseringa av ferjene og reiselivsbåtane, seier Neteland.

Etter 45 minutt til sjøs med Fjord1 gjekk turen vidare for statsminister Erna Solberg.